Bryr du deg om norsk landbruk? Tenkjer du at det å kunne lage mat høyrer til i god beredskap?
I samband med eit av dei største arrangementa i
Oppland regionen før stortingsvalet ,som har fokus på landbruk,
inviterter vi alle partia som hadde Opplendinger på topp 4 velkomen til å vera med å lage grønnsakssuppe
som vi koka over bål.
Vi vart gledeleg overraska over at nesten alle partia stilte med 1. kandidaten sin! Det var stor stas!
Dei delte lokale grønnsaker frå Toten, som vart koka over bål etterpå.
Vi hadde mange gode samtaler både når dei sto og delte grønnsaker, og når vi sto å venta på at det skulle koke.
Vi gratulerer Rune Støstad (Ap), Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV), Bengt Fasteraune (SP) og Lars Rem (FrP) med plass på Stortinget saman med Anne Hagenborg (AP) og Finn Krogeide (FrP) frå Oppland.
No forventer vi i Bygdekvinnelaget at dykk står på for å gje skulane og oss friviljuge verktøy til å jobbe med mat i skulen, mat som beredskap, kunnskapsbygging, auka status på kokkeyrket , auka bruk av norsk mat, og at vi beheld tollvernet for å sikre norsk landbruk!
Vi ynskjer lykke til i dei neste 4 åra!
Dei som var med denne dagen var:
Turid Thommassen Rødt
Anne Lise Fredlund SV
Rune Støstad Ap
Bengt Fasteraune Sp
Kari-Anne Jønnes H
Lars Rem frp
Kristin Jess-Bakken Venstre
Fridtjof Bjerke konservative
Ida Marie Ringerud Partiet Sentrum