Inspirasjonssenminar på Lillehammer 7.-9.November!
Bortimot 300 damer var andre helga i November samla til Inspirasjonsseminar i regi av Norges Bygdekvinnelag. Her skulle vi bli inspirert, treffe nye og gamle kjente, og kose oss ei heil helg!
Fredagen starta med ei helsing frå Anne Irene Myhr, leiaren vår,før Safari Shabani held innlegget "Norge du er pen!!" Han er eit multitalent som vaks opp i Zambia og kom til Noreg som papirlaus flyktning for 10 år sidan. Han er komiker, DJ, dansar, podkaster og friluftsprofil og er kjent både frå "Safari på safari" og 71 grader nord. Som ambassadør for friluftslivet år kom han til Lillehammer for å fortelje om sitt forhold til norsk natur, og let oss berre slå fast : Alle burde sjå på alt det fine rundt oss slik Safari gjer!
Etter Safari var det utdeling av Bygdekvinneprisen og den gjekk til søstrene bak Symre, dei lagar hudpleie med talg og ville vekstar frå utmarka heime på Voss. Sjekk ut nettsida www.symrehudkrem.no !
Før middag i restauranten fekk vi ei festleg, og tankefull stund med Karoline Amb. Med sitt humoristiske skråblikk sette ho søkelys på paradoks og strukturar som pregar kvinners liv i dagens Norge.

Etter Karoline var ferdig fekk vi middag i restauranten, og kosa oss utover kvelden.
Laurdag starta vi med Linda Stewart. Ho er etnolog ved Norsk Utvarndrermuseum og har skrive boka "Amerikabrev" der ho fortel ho norsk emigrasjonshistorie gjennom brev veksling. Ho tok oss med attende til 1889 og fortalde oss historia om Randi Pedersdatter Holtseteren si reise frå Gausdal til Amerika.
Gjennom brev og svarbreva fekk vi oppleve dialogen over Atlanterhavet, det gjorde det heile personleg og nært.

Vi fortsette i Amerika, og i Os, og fekk besøk av Lars Os som har vore journalist i mellom anna 6 år i USA. I 2023 tok han over heimgarden i Østerdalen, men har på ingen måte slutta å fylgje med på kva som skjer rundt oss og er fortsatt ein engasjert journalist, men i meir heimelege område. Eit engasjerande innlegg om Amerika, frå ein journalist som ofte er både reporter og fotograf når han er ute på oppdrag.

Så fekk vi eit ungdommeleg besøk, to av ungane til Renate , ho som står bak "Vossabia" på Voss. Tittelen på innlegget seier egentleg alt "To ungdommar, ei mor og tusen blomar -historia om Vossabia" Sjekk ut www.vossabia.no !
Desse ungdommane inspirerte og motiverte oss til tenkje meir heilheit, rett og slett!
Etter lunsj var Karoline Heyerdal frå Csoaps klar og prata om grøne vasketips og korleis vi kan får ei kjemekaliefri vask heime. Det er mykje vi kan gjere for å ha det reint, utan å skade naturen rundt oss :)
Korleis kan du få meir kontroll, tryggleik og sjølvtilit i eigen økonomi lurte Lise Vermelid i Pengesnakk på. Heldigvis hadde ho svara og!

Etter ei pause fekk vi velgje kva vi ville, nokre skulle til Fåberg og anten besøke Ment, eller på lefsekurs hjå Lågen Bygdekvinnelag. Ein stor gjeng skulle besøke Sigrid Undset sin heim, Bjerkebæk og nokre gjekk tur ved Mesna elva. Atter andre kosa seg på hotellet.
Ein fin ettermiddag for oss alle saman!
Før festmiddagen laurdag møttes vi til ei fin stund med Edvard og Ine Hoem. "Alt vi har kjært",musikk albumet til Ine med tekstar frå faren. Nydeleg stund!
Etterpå var det festmiddag, og under den,kåringa av årets lokallag!
Gledeleg for oss i Oppland at det vart Lesjaskog!!
Les begrunnelsen her : https://www.bygdekvinnelaget.no/lesjaskog-bygdekvinnelag-er-arets-lokal…
Rett og slett kjempe stas, og vel fortjent!
'
Foto : Helle Berger
Søndag var Beredskap, seterkultur, matminner , kultur og mykje anna på programmet!
Fyrst ut var tidlegare Stortingsrepresentant Ragnhild Male Hartvigsen (Ap) ho prata engasjerande om kunnskap og eigenberedskapen si rolle i totalberedskapen. Dette at alle som kan hjelpe seg sjølv gjer det så lenge som råd, er kjempe viktig!
Så var det Annechen Bahr Bugge som hadde innlegg om Norsk seterkultur! Stolte tradisjonar og nye impulser. Godt og høyre at forskerar og ser og forstår kva vi meiner!
Så var det lansering av podcast! Ein podkast om Matminner, kulturarv og berekraft ! Dette er eit samarbeid mellom Food stories og Bygdekvinnelaget sitt Nøysom prosjekt.
Kristina Skåden frå Maihaugen, Astrid Seime frå Bygdekvinnelaget, Anita Haglund og Elisabeth Huse var med på scena.
Ein finn og nye ein kan utvide nettverket sitt med på Inspirasjonsseminar, og vi ynskjer meir samarbeid med Maihaugen, og Lågen og Øyer er og involvert litt!
Til slutt søndag, før lunsj og avreise var Ragnhild, Annechen og Anne Irene på scena og hadde sofa prat med spørsmål frå salen. Tema var Immateriell kulturarv, beredskap og frivillegheita.
Eit skikkeleg bra Inspirasjonsseminar er over, og vi gler oss allereie på neste om to år!
Foto og tekst: Borgny