Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Grøna skysstasjon på Skreia

Grøna skysstasjon på Skreia

Kanskje du vil vakne til denne utsikta?

Kanskje du vil vakne til denne utsikta?

Triveleg i Grøna

Triveleg i Grøna

Velkomne til Trivelege dagar på Toten!

23.-24. August inviterer Oppland Bygdekvinnelag til Trivelege dagar på Toten!

Vi starter helga på arrangementet Helt på jordet -sjå info om det her : https://www.heltpaajordet.no/ og i tillegg til programmet deira skal vi ha besøk av Anne Irene Myhr, og dei som står på lista til stortingsvalet 2025. Dei skal prate landbrukspolitikk , og distriktspolitikk i tillegg til å koke grønnsakssuppe over bål saman med oss. 

Vi møtes ved standen til Østre Toten Bygdekvinnelag! 

Det er og anledning til å reise innom kjolesenteret på Lena, fram til kl 1500

Dei kan du lese om her : https://www.facebook.com/p/Kjolesenteret-100064481330844/?locale=nb_NO

Margaret vil vise oss plantefarging ute i tunet i Grøna

Vi skal bu på Grøna skysstasjon, og Kjersti vil fortelle oss om staden før middag.

Under middagen vil Olaf Nøkleby prate til og med oss om distriktene, landbruket og mykje anna. Han er eit «opp komme» av kunnskap

Søndag blir det tur med veteranbuss , og vi stopper fyrst hjå Lina Dybdal og Tor Jacobsen på småbruket deira. Desse to dreiv tidlegare mellom anna Kulturstua Ro i Gausdal, og Ditlevines på Stenberg.

Så blir det stopp på Peder Balke Senteret der vi tusler litt rundt, og ser, før vi kjøyrer vidare til Martin på Holensætra, som er den einaste aktive setra på Totenåsen. Her serveres det rømmegrøt, spekemat og kaffe  før turen går til Grøna att.

Peder Balke senteret kan du lese om her: https://pederbalke.no/

 

Vi gler oss til å ynskje medlemmane våre velkomne til Trivelege dagar på Toten! 

Spørsmål kan sendes til opplandbygdekvinnelag@gmail.com

Alle foto: Borgny