Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Styret i Breim Bygdekvinnelag valt på årsmøtet 2016. Frå venstre: Ragnhild Helgheim, Lillian Støyva, Solfrid Paulen Egge, Gudrun Midtgard Hjelle, Linda Bergheim Eide.

Styret i Breim Bygdekvinnelag valt på årsmøtet 2016. Frå venstre: Ragnhild Helgheim, Lillian Støyva, Solfrid Paulen Egge, Gudrun Midtgard Hjelle, Linda Bergheim Eide.

Årsmøte i Breim Bygdekvinnelag

19. oktober hadde Breim Bygdekvinnelag årsmøte i Breimshallen. Laget er inndelt i «roder» og denne gangen var det Øvrebygda som stod for arrangement og servering.
 

 

Arbeidsåret 2016 har vore innhaldsrikt og Breim Bygdekvinnelag opplever at aktivitetane til bygdekvinnelaget vert tekne godt imot av både medlemar og dei som ikkje er medlemar. Dei er vel 40 registrerte medlemer i laget, talet er om lag uendra frå 2015. I snitt har dei vore ca 25 personar som deltakarar på eigne arrangement. Som i fjor har arbeidsåret vore prega av turar i nærområdet og det å vere ein sosial møteplass. Styret tykkjer det er veldig kjekt å av og til kunne samlast rundt eit tema og la praten gå rundt bordet. På same tid ønskjer dei å setje aktuelle saker på dagsorden.

 

Saker Breim Bygdekvinnelag har uttalt seg om:

- E39- Byrkjelo-Grodås: Sende innspel til planprogram som er framlagt. Fekk her støtte frå Gloppen Bygdekvinnelag ettar at innspelet var sendt.

- Amalie-saka: Reagerte på denne saka og sende brev til kommunen/FT saman med Gloppen Bygdekvinnelag.

- Skulemåltid-saka: Støtta prøveordning med varmt skulemåltid i grunnskulen. Brev sendt kommunen saman med Gloppen Bygdekvinnelag.

 

Sak til årsmøtet: Endring av roder

- Antal medlemer i dei ulike rodene i laget  er etter kvart vorte veldig skeivt. For å jamne dette ut og gjere det enklare for dei minste rodene er det forslag om følgande endringar frå arbeidsåret 2017:

- Samanslåing av Kandal og Nedrebygda *

- Samanslåing av Sandal og Myklebust

- Nokre medlemer frå Byrkjelo-Egge-roda vert flytta til Øvrebygda

*) Føreslår her ein grendakontakt frå begge tidlegare roder, særleg med tanke på beredskap.

 

Større arrangement:

- Kompardag i februar; I år vart denne flytta til helga etter morsdag. Ein suksess både publikumsmessig og økonomisk.

- Open gard; var no 1.oktober på Fjordhestgarden. Her var Breim Bygdekvinnelag medarrangør saman med Breim Bondelag, Tine Produsentlag og Fjordhestgarden. Laget hadde ein rikhaldig meny og selde mat for vel kr.20.000. Mykje folk oppmøtt og god stemning.

 

Dugnadar:

- Kyrkja; pussa messig i mai: No 23.oktober skal laget pynte kyrkja og vere med å servere kyrkjekaffi.

- Klede-innsamling til Ukraina i juni: Laget stilte opp saman med andre lag på dette

- Marknadsdag på Byrkjelo: Laget hadde stand og selde masse sveler.

 

Kurs:

- Lefsebaking i november med Hilde og Merete.

- Førstehjelpskurs i februar.

 

Beredskap:

- Bygdekvinnelaget er representert v/leiar i Beredskapsgruppa i Breim. Grendakontaktene er vesentlege i dette arbeidet. Laget fekk testa beredskapen under besøk av Thor» i vinter. Evalueringsmøte der grendakontakter var innkalla i etterkant.

 

Informasjon/nettside:

- Laget har ei aktiv Facebook-side: Breim Bygdekvinnelag

- Norges Bygdekvinnelag har ny nettside der ein kan opprette eiga side for Breim Bygdekvinnelag. Skal to digitale kanalar nyttast?

- Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag har eiga nettside: http://www.bygdekvinnelaget.no/. Stoff til denne sendast: marita.skeie@bondelaget.no

 

Representasjon:

- Fylkesårsmøtet vart lagt til Palmehelga i år. Arrangert på Hotell Alexandra. Lillian Støyva detok.

- Medlemsverving: Laget har ikkje aktivt gått rundt å «verva» medlemar. Tanken er at ved å ha gode og kjekke aktivitetar vil Breim Bygdekvinnelag få fleire medlemar. Medlemstalet er stabilt og litt tilsig har det vore. Laget har god plass og oppfordrar medlemane om å ha dette i tankane når dei er i snakk med «potensielle bygdekvinner». Inviter med ei venninne til neste møte?!

- Styret takkar medlemane for positiv innstilling, god dugnadsånd og godt samarbeid gjennom arbeidsåret!