Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Fylkesleiarsamling i Norges Bygdekvinnelag


Helga 22.-23.april var fylkesleiarar frå heile landet samla i NBK sin lokale i Oslo.

 

Jenny Myklebust frå Sogn og Fjordane var ein av dei, og vi hadde ei hyggjeleg, lærerik og sosial helg i møte med sentralstyre, sentraladministrasjon, prosjektleiarar og samarbeidspartar på dei ulike satsingsområda til NBK. Gode og viktige satsingsområde som vi gledar oss til å arbeide vidare med.

I tillegg til fagleg påfyll er slike samlingar nyttige for å bli kjende med bygdekvinner frå heile landet, og det sosiale samveret er viktig. Ei flott helg!