Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Fylkesleiarsamling i Norges Bygdekvinnelag


26.-27.april deltok Jenny Myklebust på NBK si fylkesleiarsamling i Oslo.

 

Det var to dagar med godt påfyll i form av gode forelesingar om aktuelle tema, workshop, gruppearbeid og diskusjonar.

Dei frammøtte fekk god informasjon om prosjektet KvinnerUT -  mestring og kompetanse, Organisasjonskulen, Tradisjonsmatskulen, Val 2019 og rolla som samfunnsaktørar, Regionreforma og mykje meir. 

 

Desse samlingane er ein arena der fylkesleiarane treff kvarandre til hyggjeleg samver og sosialt fellesskap, ideutveksling og erfaringsdeling, noko som er kjekt og nyttig. 

Dei tilsette i administrasjonen og dei tillitsvalde i sentralleddet er alltid godt vertskap og syter for oss på beste måte både fagleg og sosialt. Ei rein inspirasjonsamling!