Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Kvinnestreif


Laurdag 15. september reiste 100 glade bygdekvinner frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord på tur.

 

I år skulle turen gå til Sunnfjord, og reisemåla var Astruptunet og Fjordamattunet , som begge ligg i Jølster.

Hausten på Vestlandet var våt, og denne laurdagen var ikkje noko unntak. Men vi kan dette med regnkle og støvlar, og både Astruptunet og Fjordeamattunet ved Kari Støfringsdal har teke imot gjester i regnver før. På Astruptunet sto dei klar med fleire omvisarar og delte oss i grupper, og viste oss rundt i dei ulike bygningane og fortalde om Nikolai Astrup sitt liv ved Jølstravatnet, og om kunsten hans.  Vi avslutta besøket der med kaffi og kake i kafeteriaen. Eit flott besøk i Astruptunet!

På Vassenden, ikkje langt frå Astruptunet, ligg Fjordamattunet der Kari Støfringsdal har bygt opp bakstehus med plass til mange bakarar, og innreia låven til samlingslokale. Ho tok også veret og det at vi var så mange på strak arm, servert nydeleg suppe med godt brød til, og natronkake og kaffi. Ho fortalde levande og engasjert om hellebaksttradisjonen i Sogn og Fjordane. Ute silte regnet og vinden ruska. Vi sat innandørs og koste oss med god mat og hyggjeleg sosialt samver , slik berre bygdekvinner kan!

Takk til Kari Støfringsdal og Astruptunet for ein vellukka dag!

 

Skrive av Jenny Myklebust

Leiar i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag