Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Kvinnestreif 2017


Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag vil med dette invitere bygdekvinnelaga i fylket på hausttur til Sogn Folkemuseum, Kaupangerskogen.

 

Laurdag 16.september 2017     kl 11.00

Påmelding  innan 6. september til leiar Jenny Myklebust, tlf. 91 71 22 83

                                                                  jenny-myklebust@hotmail.com

 

Vi møtest på museet der vi får omvisning. Museet har myhje å by på både ute og inne. Vi finn eit flott kuløturlandskap der bygningar frå Sogn frå ulike tidsepokar er bygde opp att, t.t. den gamle prestegarden i Vik. Museet har alltid ei utstilling, i år er det ”Den nye jordbruksutstilling” som viser jordbruket gjennom tidene. I museumsbutikken er det eit rikhaldig utval av produkt . Her kan ein finne fine gåver til store og små.    Les meir på museet si heimeside.

Museet ligg om lag 7 km frå Sogndal, like ved riksveg 5 mot kaupanger. God parkering

Etter omvisning og handling et vi lunch på museet. Pris for lunch og omvisning: ca 250 kr som medlemane/laga betaler sjølve.

Vi  gledar oss til ein innhaldsrik og sosial dag i lag med dykk!      

 

VEL MØTT!

 

Med helsing

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag