Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Kvinnestreif med Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag


Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag inviterte alle lokallagsmedlemar i fylket til Kvinnestreif, og i år sto Sogn for tur.

 

Laurdag 16.september møttest 16 kvinner frå Gloppen, Innvik, Sogndal og Lærdal Bygdekvinnelag til ein lærerik, hyggjeleg og sosial dag på Sogn Folkemuseum på Kaupanger. Veret var strålande og i det flotte haustveret var det ei oppleving og gå omkring på området mellom dei gamle husa i lag med Judith Vestreim som engasjert og kunnskapsrik fortalde om museet og om livet i husa i farne tider, og krydra det heile med vakker folkesong.

Bygdekvinnelaga avslutta dagen med eit godt måltid kring vakkert dekka bord med ei nydeleg potetsuppe med nysteikt brød til, og kaffi og kaker. Praten rundt borda vitna om god stemning og nøgde bygdekvinner som tykte det vart kjekt å treffast og vere i lag.

Bygdekvinnelaga hadde ein fantastisk fin dag på Sogn Folkemuseum, og rettar ein stor takk til dei som tok imot oss!