Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Landsmøte i NBK i Harstad 1.-2.juni 2018


Det vart eit flott landsmøte og flotte dagar i Harstad . 

 

Sogn og Gjordane bygdekvinnelag kunne  på dette landsmøte stille med 5 delegatar. Leiar er sjølvskriven delegat, og dei fire andre vart valde på årsmøte. Utsendingane kom frå Sogndal, Viksdalem ,Stryn og Gloppen.  I tillegg var det ein observatør og ein gjest frå Sogn og Fjordane.

Stemninga på Sogn og Fjordane benken var god, og det var god diskusjon på sakene. Ei stor sak var saka om  felles kontingent frå 2020. Der var framlegget ei fordeling på 84/16 % til NBK sentralt/fylkeslaga. Frå vårt årsmøte i Florø i mars vart  det vedteke å ta med eit endringsforslag på denne fordelinga, 80/20 % til landsmøte. Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag leverte inn dette forslaget og argumenterte for det frå talarstolen, men forslaget fall. Vedtak i saka vart 84/16 %

Randi Marie Vallestad Rambjørg frå Viksdalen vart vald inn i Landsstyret som 11.vara for neste landsstyreperiode. Lukke til med vervet!