Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Medlemsmøte i Viksdalen Bygdekvinnelag


Omvisning i Storehuset på Flatheim

Tysdag 17. januar møtte 13 medlemer opp til omvisning i Storehuset på Flatheim 4H gard på Viksdalen. Vi fekk omvisning i huset, der eldste del er frå 1573, av Heidi Vallestad. Det er ein stor jobb som er gjort med å restaurere dette gamle huset som kjem frå tunet til Jens Øen i Eldalen. I første etasje er det plass til ca 25 personar rundt store gode bord. I andre etasje er det to soverom med til saman 11 sengeplassar. 

Etter omvisning fekk vi servert "tomatsuppe med futt i", noko søtt "attepå" var nydelege bollar med vaniljekrem og kaffi.

Ein svært vellukka kveld.