Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Fleire hundre besøkte Open Gard på Mo søndag 4.september.

Moro

Tor Arne Herstad er leiar i Naustal Bondelag.

Kjekk dag

Bjørg Vie er medlem i Førde Bygdekvinnelag.

Kosa seg

Bygdekvinnelaga i Førde og Naustdal.

Let vel over arrangementet.

Særs nøgde arrangørar

Bondelaga og Bygdekvinnelaga i Naustdal og Førde var godt nøgde etter Open Gard på Mo.

 

- Dagen gjekk over all forventning, mykje folk og sol er kjekt å sjå.

Tor Arne Herstad, lokallagsleiar i Naustdal Bondelag, fortel at Open Gard er eit viktig arrangement. Spesielt for barnefamiliar.

- Det er ikkje alle som veit kva bøndene driv med, difor er det bra at folk kjem seg ut og får sett korleis gardslivet er. 

Kva tilbakemeldingar har du fått i dag? 

- Alt har vore positivt, og det motiverar. 

 

- kjekt og travelt

 

- Det har vore mykje å gjere i dag. Sjølv har eg vore på kjøkkenet å laga røre og steikt kaker. 

Bjørg Vie, medlem i Førde Bygdekvinnelag,  har vore med på arrangementet så lenge det har eksistert. Ho tykkjer det er like moro kvart år.

- Det er viktig for Bygdekvinnelaga å vera med. Me lagar mat, sel mat og kosar oss. I år var det dessutan strålande sol, det gjorde det heile ekstra kjekt. 

 

Fleire bilder frå dagen kan du sjå her.

Dersom du vil lese kva folk synst om Open Gard på Mo, kan du klikke her.