Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

STYRET F.V: Ingvild Johansen (styremedlem), Bodil Bjørlo Takle (nestleiar), Turid Aud Kvåle (styremedlem) og Jenny Myklebust (leiar).  Jenny Norddal og Mai Britt Karlsen var ikkje tilstades på bilete.

STYRET F.V: Ingvild Johansen (styremedlem), Bodil Bjørlo Takle (nestleiar), Turid Aud Kvåle (styremedlem) og Jenny Myklebust (leiar). Jenny Norddal og Mai Britt Karlsen var ikkje tilstades på bilete.

TAKKA AV: Anita Sæther vert takka for innsatsen ho har gjort for laget, av Jenny Myklebust. Sæther har mellom anna vore kasserar og hjulpe til med andre kontoroppgåver.

TAKKA AV: Anita Sæther vert takka for innsatsen ho har gjort for laget, av Jenny Myklebust. Sæther har mellom anna vore kasserar og hjulpe til med andre kontoroppgåver.

MEDLEM I STYRET I NBK: Grethe Brundtland.

MEDLEM I STYRET I NBK: Grethe Brundtland.

Styremøte i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Onsdag 30. november hadde Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag styremøte i Førde.

Desse møtte: Jenny Myklebust, Aud Turid Kvaale, Ingvild Johansen, Bodil Bjørlo Takle, Anita Sæter ( tilsett ), Grethe Brundtland ( frå sentralstyre ).

Forfall: Jenny Norunn Nordal og Mai Britt Karlsen

 

Sak 24/16: Referat og informasjon

Ingen merknader til referat frå styremøte 06.09.16.

Ingvild gav eit referat frå turen til Singerheimen, referatet ligg ved. Dette vert lagt ut på heimesida med bilde.

På organisasjonskurset 21. og 22 oktober deltok Jenny Myklebust. Eit interessant og lærerikt kurs. Nokre «foilerar» frå kurset vart etterlyste då dei ikkje var komne til fylkesstyret.

Jenny deltok på desse kursa: Korleis arbeide godt i eit styre, kurs i organisasjonslære, fylkeslaget si rolle og fylkesleiaren si rolle.

NBK si handbok s 14 – 31. Jenny informerte ein del om innhaldet.

Fadderordninga: Litt forskjellige tilbakemeldingar på samtalar med lokallag nokre har utfordringar, andre har positive tankar om drifta. Alle lokallag skal bli kontakta i løpet av hausten.

 

Sak 25/16: Bokprosjektet Åse Kongsvik

Denne saka vart utsett på førre styremøte på grunn av vantande informasjon. Saka var igjen diskutert og styret kom til at ein ikkje kunne støtte prosjektet. Sogn og Fjordane bygdekvinnelag har ikkje  eigarforhold eller økonomi til dette.

 

Sak 26/16: Representant frå sentralt hald til fylkesårsmøtet 2017

Frå Sogn og Fjordane kom ynskje om at den nye leiaren i NBK kunne komme. Om så ikkje var det ynskje om Karine Nymark eller Grethe Brundtland.

 

Sak 27/16: Organisasjonskurs på Skei hotell laurdag 21. januar.

Marita Skeie på bondelagskontoret har sagt ja til å vere fylket sin «superbrukar». Ho har sagt ja til å halde kurs for lokallaga i regi av S og Fj. Bkv slik at lokallaga sjølve etter kvart kan vere i stand til å lage si eiga heimeside og jamnleg oppdatere den. Gjerne skulere sin eigen «superbrukar» viss ein ikkje allereie har ein slik .Det er viktig at lokallaga plukkar ut medlemmer som vil/er interessert i / kan noko frå før til å delta på kurset, det treng ikkje nødvendigvis vere frå styret. Kanskje er facebook/ facebookgruppe også aktuelt for lokallaga.

Styret vart einige om følgjande: Jenny set opp program og ordnar praktiske ting. Kostnadene blir fordelte slik: Reisa betaler laga sjølve. Fylkesstyre betaler kurs/mat

 

Sak 28/16: Regionsmøte – Sogn, Sunnfjord, Nordfjord. Tema – Rekruttering.

Styret har vedteke å halde tre regionsmøte i Fylket. Dei fordeler seg slik. Jenny Norunn Nordal og Bodil Bjørlo Takle organiserer og gjennomfører møte i Førde torsdag 09-02.17.Turid Aud Kvaale  og Jenny Myklebust i Sogndal 14.02.17, og Ingvild Johansen og Jenny Myklebust i Olden 16.02.17. Lokallaget betaler for reise og kr. 75,- for kaffimat.

 

Sak 29/16: Fylkesårsmøte 18. og 19. mars 2017

Stad for årsmøte vert Brekkestranda fjordhotell. Bodil og Jenny Norunn må ha tankar om kva innhaldet skal vere på møtet.

 

Sak 30/16: Kasserarfunksjonen

Anita Sæter har sagt opp jobben på bondelagskontoret, og dermed jobben som vår kasserar og høgrehand i alt som har med arbeidet i organisasjonen. Spørsmålet var korleis ein skal få utført desse tenestene. Etter at leiaren har hatt samtalar med kontoret, viser det seg at den nytilsette kan føre rekneskapet. Dette er bygdekvinnelaget svært glade for.

 

Sak31/16: Ymse

Neste styremøte blir 25. januar 2017.

Bygdekvinnelaget blir kalla inn til møte i Landbrukselskapet og Bondelaget. Vi vil få tilsendt sakspapir og referat, men det blir ikkje prioritert å møte

Oppmodar alle lokallagsleiarar/styrer om å ha e- post

Oppmodar alle lokallag om å rapportere inn årsmøte og val slik at den tilsette får oppdatere lokallagslistene.

Frist for innsending 1. desember

Det er høve til å låne «rollups» frå bygdekvinnelaget. Dei blir lagra på bondelagskontoret i Førde og kan lånast der.

 

Møtet slutt kl. 19:00

 

Referent:

Bodil Bjørlo Takle