Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Velkomen til Stardalen Bygdetun


Torsdag 28.mars kl 20.00 inviterer Stardalen Bygdekvinnelag til temakveld, og basar.

 

Stardalen Bygdekvinnelag har sidan 1987 gjeve  eit månadleg bidrag til SOS Barnebyer. Dette har organisasjonen lagt merke til, og torsdag 28.mars får vi besøk av Turid Weisser, seniorrådgjevar i SOS Barnebyer Norge. Ho vil fortelje om arbeidet dei gjer, med temaet Omsorg skapar utvikling.

Vi har god gammaldags basar med åresal, der inntekta går til SOS Barnebyer. Matøkt blir det også. Håpar dette kan vere aktuelt for andre lag å vere med på denne kvelden.