Hopp til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Vellukka organisasjonskurs på Skei


Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag heldt organisasjonskurs på Skei hotell laurdag 25.januar.


 

 

Helle og Sosan frå NBK sentralt delte dagen med Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag og gav dei frammøtte kunnskap og inspirasjon til å ta med heim i lokallaga.

Sosan fortalde om inkludering  som fører til kunnskap og meistring, og viste kor viktig bygdekvinnelaga er i dette arbeidet. Og ho gav Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag  mange døme på at dette er til glede og nytte både for dei som inkluderer og dei som vert inkludert!

Helle ga dei frammøtte innsikt i sosiale media og inspirerte alle til å ta tak i dette med sosiale plattformer. Dette er ein bøyg for mange, ikkje alle brukar sosiale media like myke. Kanskje er det lurt å gje oppgåver med heimeside, facebook og instagram til nokon i laget som kan litt om dette frå før?

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag fekk også god innføring i NBK sitt internasjonale engasjement i Guatemala. Kanskje vart nokon inspirerte til å melde seg på medlemsturen i november?

Det var ein triveleg dag med sosialt samver, god mat og god læring! Takk til Sosan og helle som kom over fjellet og var ilag med Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag.