Hopp til hovedinnhold
Tradisjonelt postkort fra 1950-tallet. Foto: Historieboka.no.

Tradisjonelt postkort fra 1950-tallet. Foto: Historieboka.no.

Dortheas jul

Dorthea Kvåle i Orkland Bygdekvinnelag deler minna frå adventstida og julefeiringa i barndommen.

Då eg vaks opp var adventstida arbeidssam og krevande heilt fram til julekvelden. Det var slakting, baking, brygging av øl, vasking, hogging av lagleg ved til takkebakst og oppvarming. Sying og strikking av klede var vanleg. Desse arbeidsoppgåvene kom i tillegg til dei daglege gjeremåla. Til flatbrødbaking kom det bakstekjerringer og til rundvasken var det også leidd hjelp. Mange i nærmiljøet hadde behov for arbeid.

Slaktaren var ein spanande kar for oss ungane

Slakting burde gjerast i vaksande måne for då trudde vi at maten vart drygare, at flesket ikkje krympa i steikepanna. Slakting skulle gjerast så nære jul som mogleg. Slaktaren var ein spanande kar for oss ungane og vi fekk klar melding om å halde oss vekk, men vi sneik oss til å sjå på. Vi lærte fort om liv og død. Det vart slakta gris, storfe og sau og vi fekk blodmat, stor gryte full av kjøttkaker og vi fekk kjøttkake på gaffel som smakte. Dei laga pålegg, kokpølse, spekepølse, stekeflesk, ribbe og kotelettar. Oppbevaring var hermetisering, saltlake, tørrsalting og lagring under fettlokk. Dette var før fellesfryseriene kom. Alt på dyret vart bruka. Tarmar vart reinsa til pølser og blodmat, fettet smelta til smult og såpe, beina til kraftkoking og huda vart selt til oppkjøparar.

Småkakebaking vart tidleg unnagjort. Dei vart lagra i tette boksar. Utfordrande for oss barna. Det var ikkje lov å smake på, men testokkane vart halvete før jul; spanande å stele. Det vart baka flatbrød, skrivarbrød, smultringar og havrekjeks. Lefsene, julebrød og grovbrød vart baka straks før jul.

Godt øl var ei ære

Ølbrygginga var det far som tok seg av. Det tok lang tid frå melting av korn til ferdig øl. Godt øl var ei ære.

Når golvet var mala og juleveden kome i hus, då lukta det jul.

Juletreet kom inn julekvelden og vi pynta treet når mor og far var i fjøset. Husdyra skulle òg ha ekstra omsorg.

Huslyden var bestefar, tante, mor og far, etterkvart vart vi fem søsken. I jula kom far sine søsken heim, dei var studentar og det var gildt. Dei leika med oss ungane.

Bestefar las juleevangeliet og vi feira barnet

Juletreet hadde levande lys som mor tende før julemiddagen og som brann heilt ned før kvelden var omme. Bestefar las juleevangeliet og vi feira barnet. Middagen var mjølkesuppe, lutefisk, kveite, mandelpotet, lefse, flatbrød og smør som var lagt i form. Også vi ungane var spente og urolege og tenkte på pakkane og dei vaksne hadde SÅ god tid ved bordet. Etterpå gjekk vi rundt juletreet og song julesongane vi hadde lært heime og på skulen. Vi lærte mellom anna «Nu vandrer frå hver en verdens krok».

Nissen fann vi ut etter nokre år, var den som gjekk på do og kom attende når nissen hadde gått

Og så kom julenissen og dundra på døra og spurde om det var nokre snille ungar her. For var vi ikkje snille før jul fekk vi ingen gåver, så var det rart om vi var litt redde? Julenissen fekk ingen klem, men vi fekk pakkane. Gåvene var klede vi trong, spel, gnav, bøker, svarteper og sjokolade. Det var tanter og onklar som gav harde pakkar. Julekvelden vart avslutta med multekrem, heggbærlikør, julekaker, eple frå Lier og appelsin, og vi var lykkelege og glade. Og nissen fann vi ut etter nokre år, var den som gjekk på do og kom attende når nissen hadde gått.

Juledagsfrukost var ikkje til å tru, for på kvardagen var det ost, syltetøy eller graut. Då fekk vi rull av storfe, sau, svin, sylte, leverpostei med sylta rødbeter, sursild, syltetøy, songraut, julebrød, grovbrød, lefse, skrivabrød og kjeks, og smørformene stod og glitra. Ja minna lever enno.

Første juledag var høgtidsdag. Kun naudsynt arbeid var lov. Det var inne- og heimedag. I radioen var det gudsteneste og alle måtte høyre på og vere stille. Radioen hadde vi mykje glede av. Kunnskapen, musikken, underhaldninga og ikkje minst sporten. Der inne var den store verda.

Etter middagen var det kvile for karane og oppvask for kvinnene

Juledagsmiddagen var ribbe, kjøttkaker og steik, erter, surkål, gulrot, potet og saus. Desserten var riskrem og raud saus. Etter middagen var det kvile for karane og oppvask for kvinnene. Ei kort kvile, før kaffen skulle fram med alle julekakene framme.

For oss ungane var det kjedeleg å vera inne, for dagane besto i å leike med naboungane og vi fôr ut og inn hos kvarandre, og ville så gjerne vite kva venene hadde fått til jul. Juledagen vart avslutta med kakao og kveldsmat. Det var gildt.

Minna gjer meg glad og eg kjenner lukta av snø, hest, gneistrande føre, storm og stødig skyss

Fram til 20. dag jul var det juleselskap borte og heime saman med slekt og vener. Føter, hest og slede var farkosten under skinnfellen i all slags vêr. Minna gjer meg glad og eg kjenner lukta av snø, hest, gneistrande føre, storm og stødig skyss.

Det var mange juletrefestar der lærarane var viktige ressurspersonar. Foreldra laga kakao, kaffe og laga smørbrød. Julesongen rundt treet løfta mest taket av ungdomshuset.

Vi ungane/ ungdommane gjekk «julebukk», fekk servert julebakst og øl. Ølet smaka ymse og vi hadde det svært moro.

Etter konfirmasjonen fekk eg gå på dansefest i mellomjula. Der samla det seg folk i alle aldrar og vi dansa med kvarandre til langt på natt. Mykje latter og støy og vi lærte å danse.

Vi takka kvarandre for det gamle året og ønskte kvarandre alt godt i det nye året

Nyårskvelden var heimekveld med god mat og drikke. Vi takka kvarandre for det gamle året og ønskte kvarandre alt godt i det nye året.

Kjenslene er takksemd for ein trygg og god oppvekst der vi ikkje mangla noko.

Gledeleg jul!

Dorthea Kvåle

​Fannrem Bygdekvinnelag