Hopp til hovedinnhold
Oppskrifta er henta frå boka  til Margit Dale «Naturleg - Enkle matoppskrifter og jordnære gleder». Foto: Frode Verpe. Gjengitt med løyve frå Vigmostad & Bjørke.

Oppskrifta er henta frå boka til Margit Dale «Naturleg - Enkle matoppskrifter og jordnære gleder». Foto: Frode Verpe. Gjengitt med løyve frå Vigmostad & Bjørke.

«Fredagstaco» med norsk vri

Du treng: 

•    1,5 kg svinenakke eller nakkekotelettar av svin

•    1 dl vatn

•    1 ts salt

•    1 ts pepar

•    2 kvastar rosmarin

•    3 kvastar timian

•    150 g salat

Eplekaker (potetlefser, nokre stader kjent som eplekaker):

•    500 g poteter (helst Beate)

•    1 ts salt

•    1 ss smelta smør

•    2 ss mjølk

•    2 dl kveitemjøl



Sylta raudkål: 

•    ½ raudkål

•    1 dl eddik 7% klar

•    2 dl sukker

•    3 dl vatn

Rjomedressing: 

•    3 dl rjome

•    3 ss raspa peparrot

 

Slik gjer du:

Ha svinenakken i ei eldfast form, og ha 1 dl vatn i forma. Krydre med salt og pepar, og legg i kvastar av rosmarin og timian. Ha det i ein steikepose eller dekk til med steikefolie. Steik på 100 grader i 8 timar.

Lag eplekakene. Kok og avkjøl potetane. Mal dei i ei kjøkenkvern. Ha i mjølk, smør, salt og mjøl. Tilpass mjølmengda så deigen vert god å kjevle ut.

Del deigen i emne på ca. 70 g. Kjevl eller trykk ut deigemna med hendene til ein runding som er ca. 15 cm i diameter og 3-4 mm tjukk.

Steik eplekakene på middels varme utan smør i ei steikepanne eller på takke. Snu kakene når dei har tydelege brune flekkar. Eplekakene er ferdig steikte når dei blæs seg opp. Oppskrifta gjev ca. 8 eplekaker.

Lag sylta raudkål. Skjer raudkålen i tynne strimlar. Bland eddik, sukker og vatn i ein kjele, og kok opp til sukkeret er oppløyst. Ha i raudkålen og kok 3-4 minutt. Ta opp den sylta raudkålen med ei holsleiv og legg han i ein bolle.

Lag rjomedressing. Riv peparrota fint og bland ho godt inn i rjomen.

Del opp salaten. Riv det møre kjøtet i passelege bitar med to gaflar. Ha salat, kjøt, sylta raudkål og rjomedressing i eplekakene, og nyt dei gode, norske smakane!