Hopp til hovedinnhold

Oppskrifta er henta frå boka til Margit Dale «Naturleg - Enkle matoppskrifter og jordnære gleder». Foto: Frode Verpe. Gjengitt med løyve frå Vigmostad & Bjørke.

Gulrotsuppe med gulrotchips

Du treng:

Gulrotchips:

  • 1 gulrot
  • 1 ss olivenolje
  • litt havsalt

 

Gulrotsuppe:

  • 1 gul lauk
  • 2 ss smør
  • 700 g skrelte gulrøter
  • 1 tomat
  • 1 chili
  • 10 g fersk ingefær
  • 1 l grønsak-kraft
  • 2 dl fløyte
  • 2 klyper muskatnøtt
  • 1 ss honning
  • salt og pepar etter smak
  • 4 ss graskarkjernar

 

Slik gjer du:

Lag gulrotchipsen. Skjer tynne flak av gulrota med ein ostehøvel. Ha det i ein bolle og bland det godt med olivenolje og salt. Legg gulrotflaka på eit steikebrett med bakepapir. Gulrotflaka må ikkje ligge oppå kvarandre.

Steik på 200 grader i ca. 15 minutt eller til dei er gylne og sprø.

Lag suppa. Kutt lauken i bitar og steik han blank i ein kjêl med smør. Ha i vatn eller kraft. Reinsk gulrøtene, del dei i grove bitar og ha dei i kjelen. Kutt tomat, ingefær og chili i bitar og ha det i kjelen. Kok i ca. 1 time.

Ta ein stavmiksar og mos det heilt fint i kjelen. Ha i fløyten og smak til med salt, pepar og honning. Kok nokre minutt, og suppa er klar til servering.

Rist graskarkjernane lett i panna med litt salt.

Ha suppa i djupe tallerkenar og legg gulrotchips og graskarkjernar oppå suppa. Server saman med godt brød.