Hopp til hovedinnhold
Stor glede då Bygdekvinnelaget fekk støtte til prosjektet "KvinnerUT". Foto: Siri Juell Rasmussen.

Stor glede då Bygdekvinnelaget fekk støtte til prosjektet "KvinnerUT". Foto: Siri Juell Rasmussen.

3 millionar til nytt prosjekt

Då Gjensidigestiftelsen kom på døra med journalistar frå Nationen på slep, overraska dei Norges bygdekvinnelag med ein sjekk på 3 millionar til prosjektet «KvinnerUT».

- Eg er utruleg glad. Me har fått pengar av Gjensidigestiftelsen før, så det er ein solid attest til det arbeidet lokallaga våre gjer, sa generalsekretær ​Cesilie Aurbakken til Nationen. Heile saken frå Nationen med video kan du sjå her.

Inkludering

Med det nye prosjektet ønskjer bygdekvinnelaget å verte ein meir inkluderande organisasjon. Me skal jobbe for å inkludere alle og bidra til å gje tilflyttarar eit nettverk. Bygdekvinnelaget vil i dette prosjektet spesielt invitere med minoritetskvinner til ulike aktivitetar.

Bygdekvinnelaget er veldig takksame for den rause julegåva.

- Det var veldig hyggjeleg å kunne gje ei slik førjulsgåve. Eg gler meg til å sjå kva dei får til med pengane, seier prosjektansvarleg hjå Gjensidigestiftelsen, Veslemøy Rue Barkenes.

Fire aktivitetar

Pengane frå Gjensidigestiftelsen skal brukast på aktivitetar ute i bygdekvinnelaget sine lokallag. To aktivitetar skal vere ein introduksjon til naturen gjennom friluftsliv. Dei to andre aktivitetane skal medlemane i lokallaga planleggje og gjennomføre saman med minoritetskvinnene.

«KvinnerUT» skal fremme helse, språk, inkludering, trivsel og mestringskjensle. Prosjektet skal òg bidra til å auke medlemane si integreringskompetanse.

- Gjensidigestiftelsen er oppteken av inkludering og integrering. Me har samarbeida med bygdekvinnelaget i to andre prosjekt tidlegare og veit at dei er ein organisasjon med handlingskraft, kunnskap og ikkje minst mange tusen frivillege som ønskjer å ta vare på befolkninga i lokalmiljøet sitt, seier Barkenes.

Prosjektstart våren 2017

Lokallag vil i 2017 kunne søkje om midlar til planlegging og gjennomføring av fire aktivitetar i løpet av 2017 og 2018. Meir informasjon om dette kjem når prosjektleiar er tilsett og arbeidet med prosjektet startar opp våren 2017.

Bygdekvinnelaget gler seg til å få «KvinnerUT»!

KvinnerUT er Norges Bygdekvinnelag si nye satsing, med mål om å etablere møteplassar og kvinnenettverk som styrkar tilflyttarar og minoritetskvinner si deltaking i lokalsamfunnet.