Hopp til hovedinnhold

Årsmøte.

Årsmøte 28. oktober 2015 på Bø Museum.

Frammøtte 7 medlemmer.

Møteleiar: Helga Eika. Referent: Kjersti Moen. Underskrive protokollen: Marit Alnes og Bergit Li.

Årsmøte vart åpna med sangen «Til lags åt alle kan ingen gjera», av Ivar Aasen. Anne Grethe Hegnastykket hadde ord for dagen, ho las fra boka «Kjære dyrehistorier» av Olga Meyer.

Leiar ønskte alle velkommen, særskilt Tove Hoppestad frå styret i Norges Bygdekvinnelag.                                                                                          Ho takka for invitasjonen og byrja med eit viktig tema slik som sunn mat, viktig at vi tek dette på alvor, er og ei viktig sak for Norges Bygdekvinnelag. Rettleiing både hjå unge i skule og eldre i deira livssituasjon. Støtte opp om økologisk landbruk. Oppfordra til rekrutering av ny medlemmer. Ho kom med nyttig informasjon til oss. Leiar gav ein blomst som takk for at ho var med oss på årsmøte.

Årsmøtesaker: Kjersti Moen las årsmelding. Godkjent, ingen kommentar.  Bjørg Idland: Årsrekneskap. Godkjent, ingen kommentar.    Valg Liv Birgit Ulvenes: Ei lita retting på fest komiteen, her har det vært 4 medlemmer, nå blir det 3. Etter dette valg godkjent, ellers ingen kommentar.    Det var og vedteke at vi fortsett med Heilårsplan som siste år.

I styret:                Leiar:                   Helga Eika.

                              Nestleiar:            Anne Grethe Hegnastykket.

                              Sekretær:            Kjersti Moen.

                              Kasserar:             Bjørg Idland.

                              Styremedlem:    Ruth Staurheim.

Varamedl.:          1. vara: Liv Birgit Ulvenes.

                              2. vara: Ragnhild Lahus.

                              3. vara: Anne Ingunn Bakaas.

Eventuelt: Bergit Li orienterte om  Kvinnelyst. Kvinnekonferanse på Bok & Blueshuset på Notodden14. nov. 2015.

Norges Bygdekvinnelag inviterer bygdefolk til å støtte opp om prosjektet «Bygda i bevegelse». Fire årstider - fire turar. Vår – sumar – høst – vinter. Få fram kvardagsaktiviteten. Bø Bygdekvinnelag har alt klare planer for dette.

Det var servering av rømmegraut, spekemat og flatbrød. Kaffi og kaker.

Avslutta med at Helga Eika las fra lagsavisa «Samhug». Ho hadde skrive reiseskildring fra turen ho hadde hatt til Færøyane og Island. 

Eit triveleg møte, leiar takka alle som var med denne kvelden, ønskte alle vel heim.

Bø Bygdekvinnelag takkar alle som støttar opp om laget  Alle er velkommen både gamle og nye medlemmer.