Bygdekvinnelagets lokallag med 650 opne friluftsarrangement i år
Søknadsfristen for å søke støtte til turane gjekk ut i mai. Undersøk om laget ditt kan hente støtte andre stader.
Norges Bygdekvinnelag jobbar i år med det nasjonale folkehelseprosjektet «Bygda i bevegelse». I 2016 set me fokus på kvardagsaktiviteten. Målet er å senke terskelen for å kome seg ut på tur og i fysisk aktivitet gjennom nærturar i lokalmiljøet, og motivere fleire til å vera i aktivitet heile året igjennom. Det gjer lokallaga til Bygdekvinnelaget gjennom opne arrangement med turmat, lågterskelaktivitetar og masse turglede.
Søknadsfristen for å søke støtte til turane gjekk ut i mai, og det er no planlagd 650 opne turarrangement over heile landet!
På grunn av det store talet lokallag som er med i prosjektet, har me diverre ikkje mogelegheit til å støtte søknader som har kome inn etter søknadsfristen 2. mai. Me oppmoder likevel til å gjennomføre turar, og minner om at det mange stader kan vera noko støtte å hente gjennom ein god søknad: Studieforbundet næring og samfunn, kommunane, tilskot til friluftstiltak frå fylkeskommunen, stiftelser og fond med fokus på friluft og folkehelse m.m.
Lettare vert det også å gjennomføre ein open tur for bygda di om du inviterar med andre lag og foreiningar til eit samarbeid. 4H, den lokale trimgruppa, DNT, jeger og fiskeforbund, sopp- og nyttevekstforeiningar, idrettslag, speidergruppa og frivilligheitssentralar er berre nokre døme på kven det kan vera lurt å samarbeide med for å skape meir merksemd for arrangementet og få med seg fleire ut på tur.
Nyttige nettsider:
http://www.legatsiden.no/ (alle typer fond og legat)
http://www.lnu.no/stotte/ (mest for barne- og ungdomsorganisasjonar)
http://www.kulturrad.no/ (oversikt over faste støtteordningar og prosjektstøtte)
http://www.vofo.no (tilskotsordningar for studieforbund og deira medlemsorganisasjonar)