Årsmøte på Gomobu 16.-17.Mars 2019
Årsmøte 2019 var på Gomobu i Valdres. Ein fin plass, med mykje god mat!
Laurdag starta årsmøtehelga med velkomst av Laila , før Jorunn Henriksen frå NBK prata om regionreform, og andre aktuelle saker frå sentralt.
Turid Maartmann Weisser kom frå SOS-barnebyer og ein kom frå Stendi og prata om det å vera foster- og beredskapshjem.
Under kaffepausa fredag viste Borgny bileter som ho hadde samla frå blant anna Facebook frå lokallaga.
Helga avslutta dagen, før det var pynting og middag inne på Fjellstua.
Borgny leda middagen, og Hanne Mette frå Tretten BK takka for maten.
Anne Mari Amlien frå Vestre Toten fekk positivprisen og Torpa vart årets lokallag, vel fortjent!
Søndag starta med besøk av Hans Enger og ordfører Inger Torun Klotsbøle, før møteleder Inger J.Stensrud Haug leda årsmøtet.
Styret 2019/2020 vart slik:
Leder: Marit Tordhol
Nestleder: Helga Rørholt Moe
Sekretær: Borgny Sletten
Styremedlem: Mari Marthe
Styremedlem: Kari Hubred Gaarder
Styremedlem: Nanna Ringen
Fullt referat kjem i protokollen