Hopp til hovedinnhold

Vi har fått flink pakkehjelp til årets lokallagsutsending av Håkon. Foto: Helle Berger.

Her er vårens lokallagutsending

La deg inspirere av vårens spennende aktiviteter i Norges Bygdekvinnelag.

Her finner du vårens lokallagsutsending, med vedlegg.

Godt nytt år til dykk alle og velkommen til eit nytt og spennande år for Norges Bygdekvinnelag. Lokallaga sin aktivitet gjer oss stolte av organisasjonen og gjev oss inspirasjon i vårt arbeid. Vi håpar lokallagssendinga kan vere til inspirasjon for dykk.

Her finn dykk nyttig informasjon og hyggelege nyhende.  

KvinnerUT

Norges Bygdekvinnelag har fått midlar frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet «KvinnerUT» i 2017 og 2018. Målet med prosjektet er å skape ein meir inkluderande organisasjon. Lokallaga vert også utfordra til å søkje midlar til fire aktivitetar med vekt på å inkludere tilflyttarar og minoritetskvinner.

Oppstart av prosjektet vert i løpet av våren, og lokallaga kan forvente å kunne søkje om midlar og setje i gang med aktivitetar i løpet av hausten 2017.

Bygda i bevegelse

Med 700 opne folketurar over heile landet og 15 000 turdeltakarar har bygdekvinnelaget gitt mange bygdefolk drahjelp til eit meir aktivt liv gjennom 2015 og 2016, med sunn turmat og gode tips til aktivitetar ein kan finne på i nærmiljøet sitt. Takk for jobben dykk gjer for å motivere fleire til fysisk aktivitet. Vi håpar så mange som mogeleg held fram med å ta turen ut i 2017 sjølv om sjølve prosjektet er avslutta.

Lokallag som har utsett dei siste turane sine til første halvdel av 2017, må sende inn bekrefting på at dei har fullført alle dei fire turane innan juli 2017.

Tradisjonsmatjakta

Bygdekvinner landet rundt forvaltar betydeleg handbåren kunnskap om sine lokale matskattar. Desse matskattane vil vi bevare og formidle til nye generasjonar. Difor inviterar vi alle lokallag til å delta i «Tradisjonsmatjakten» i 2017! Dette går ut på at laget i løpet av 2017 kårar si bygd sin tradisjonsmatskatt – den matretten som best representerar dei lokale mattradisjonane.

Norges Bygdekvinnelag har fått midlar av Sparebankstiftelsen DNB til å lage ei ny nettside om norsk tradisjonsmat, og oppskriftene frå alle lokallaga som bidreg vil bli presentert på denne sida. Les meir om tradisjonsmatjakta i eige vedlegg.

Lokal aksjon for norske grønsaker

Måndag 16. oktober, på verdas matvaredag, vil Norges Bygdekvinnelag saman med Gartnerhallen ha ein landsdekkjande aksjon for meir norske grønsaker i matbutikkane.

Vi vil lage enkelt materiale til alle lokallaga som dei kan bruke på aksjonsdagen. Det skal vere ei positiv markering. Vi vil ha alle med - så sett det inn i årsplanen for 2017! Vi skal halde dykk oppdatert.

Logo med ditt lokallag sitt namn på

På Norges Bygdekvinnelag sitt årsmøte i 2016 vart det vedteke at alle fylkes- og lokallaga skal få tilgang på eigen logo med sitt namn. Norges vert då bytta ut med namnet til lokallaget. Logoen til lokallaget Frogn vert Frogn Bygdekvinnelag. Logoen til ditt lag er lagt ut elektronisk på nettsida vår (trykk på linken). Ellers kan du finne og laste ned din logo her på bygdekvinnelaget.no, under organisasjonsdokumenter.

Bygdekvinnelaget sin juridiske hjelpetelefon

Norges Bygdekvinnelag sin juridiske hjelpetelefon er eit tilbod til våre medlemar som treng juridisk rådgjeving. Her kan ein få ein første prat og råd til vidare handtering. Frå 1. januar er det advokat Liv Grøtte som vert Norges Bygdekvinnelag sin rådgjevar. Telefonnummeret til juridisk hjelpetelefon er 995 15 118.

Momskompensasjon

Norges Bygdekvinnelag samlar inn og sender søknaden til lotteri- og stiftelsestilsynet. I 2016 hadde dei ein pott på 1,3 milliardar kroner som dei fordelte på alle frivillege lag og organisasjonar som søkte om kompensasjon for sine utgifter til varer og tenester.

Alle lag og organisasjonar fekk ei avkorting, som vil seie ein reduksjon av summen dei søkte tilbakebetaling for. Grunnen er at det er mange lag og organisasjonar som søkjer, og den totale ramma er for låg til full tilbakebetaling av momskompensasjonen. Alle som sender inn søknad får prosentvis like mykje av lotteri- og stiftelsestilsynet sin totale pott.

Norges Bygdekvinnelag sendte i år inn et søknadsbeløp (før avkorting) på kr. 1 594 443 og fekk tildelt kroner 1 217 233,-. Det er lotteri- og stiftelsestilsynet som fordelar kompensasjonen. Norges Bygdekvinnelag sine fylkes- og lokallag som søkte om momskompensasjon for rekneskapsåret 2015 fekk den utbetalt til sin konto i desember.

Momskompensasjonen er ei av frivillegheita sine viktigaste saker og for paraplyorganisasjonen Frivillighet Norge, som Bygdekvinnelaget er medlem i, er dette den viktigaste saka mot valet i 2017.

Frivillighet Norge seier: "I motsetning til næringslivet og kommunale tjenester belastes frivillige organisasjoner med moms på innkjøp av varer og tjenester. Dette betyr at frivillige virksomheter får en ekstrakostnad på 25 %. Frivillighet Norge mener at dette er en urimelig skatt på frivillig arbeid".    

"Dagens momskompensasjonsordning er rammestyrt, og midlene som settes av dekker ikke organisasjonenes momsutgifter fullt ut. På sikt er vårt mål at organisasjonene skal slippe momsbelastningen helt og få refundert momsutgiftene på innkjøp til den frivillige virksomheten krone for krone."

Aktive lokallag = den beste vervebrosjyra

Det er i møte med engasjerte og aktive medlemmer det er lettast å verve nye og behalde gamle medlemmar.

Veke 5 og 6 er Norges Bygdekvinnelag sine nasjonale verveveker. Då vil vi skape engasjement på vår Facebook-side. Her kjem vervekonkurransar og tips som lokallaga kan bruke og dele på sine sider. Vi oppfordrar dykk til å setje eit spesielt fokus på verving desse vekene, men også å verve nye medlemar gjennom heile året.

Også i år er det vervekonkurranse fram til 1. oktober med premiar til beste vervar, beste lokallag og det laget med høgast prosentvise auke.

I samband med julekalendaren på Facebook ville vi at medlemane skulle dele sine beste minner frå 2016. Her er nokre av tipsa som kom inn:  akedag, måneskinnstur på ski, bygdevandring, blåtur, øyhopping, grautdag og juleavslutning i bryggerhus med baking i vedfyrt omn. Les også om verving i førre utsending hausten 2016.

Hugs! :)

  • Ha aktivitetar som medlemane vil ha
  • Prøv noko nytt
  • Ver synlege
  • Tør å spørje
     

Har du forslag til årets lokallag?

For å skape litt konkurranse og synleggjere den gode aktiviteten som skjer i regi av lokallaga kårar Norges Bygdekvinnelag «Årets lokallag». Tylldal Bygdekvinnelag vart årets lokallag i 2015. No har ditt lag sjansen til å verte dei heldige vinnarane av kroner 20 000,-.

Kven som helst, både lokallaget sjølve og andre, kan foreslå at nettopp dette lokallaget fortener ein slik pris. Alt ein må gjere er å sende inn ei god grunngjeving til ditt fylkeslag innan 1. mars 2017. Fylkeslaget vurderar innan 1. mai kva lokallag frå sitt fylke som går vidare til den nasjonale kåringa. Årets lokallag vert kåra på Bygdekvinnelaget sitt inspirasjonsseminar 20-22. oktober 2017. Her finn du påmeldingsskjema til årets lokallag,

Organisasjonskurs for lokale tillitsvalde

I Norges Bygdekvinnelag sin nye strategi heiter det at vi skal skulere våre tillitsvalde og at eit verv i bygdekvinnelaget skal gje læring for livet. I 2017 er det sett av midlar til fylkeslaga for at dei skal kunne gjennomføre kurs for lokale tillitsvalde. Ta kontakt med ditt fylkeslag for meir informasjon om kva planar dei har for organisasjonskurs i ditt fylke.

Lokallagsutvikling

Norges Bygdekvinnelag ønskjer fleire lokallag. I samband med arbeidet vert det gjort ei kartlegging av kvar i landet det er potensiale for å etablere nye lag. Vi ser på korleis vi kan få liv i nedlagde lag og korleis vi kan engasjere medlemmer som har vore knytta til desse lokallaga. Materiell vil bli laget.

Inspirasjonsseminaret 2017

Tema for årets inspirasjonsseminar er Mangfald. Seminaret vert arrangert i Bergen 20-22 oktober. Sett av datoen. Det vert meir om program og påmelding i Bygdekvinner nr. 2.

Råvareaksjonen «Ville vekstar»

Norges Bygdekvinnelag sin råvareaksjon for 2016 og 2017 er ville vekstar. Målet med råvareaksjonen er at fleire skal bli kjende med det rike mangfaldet av ville vekstar i den norske naturen. Å hauste av dei lokale ressursane er positivt for miljøet, og aukar nærleiken til naturen kring oss.

2017 er Norges Bygdekvinnelag sitt andre og siste år for råvareaksjonen «Ville vekstar». Råvareaksjonen har skapt stor aktivitet i mange lokallag. Interessa for ville vekstar er stor og sanketurar med guide er særs populært. Her er det verkeleg potensiale for å vise fram Bygdekvinnelaget og invitere med seg nye kvinner ut på tur. Norges Bygdekvinnelag har laga eit mathefte med oppskrifter frå boka "Fra naturens spiskammer". Ta kontakt med oss om lokallaget vil ha heftet og våre aktivitetstips sendt i posten. Sjekk også informasjonssiden på vår nettside, med oppskriftshefte og aktivitetstips.

Vil du ha lokallagssider på våre nettsider?

Om ditt lag vil ha eigen nettside hjelper vi gjerne til med det. For å ha eigen side må ein betale ei årsavgift på kroner 1000,-. Les meir i eige vedlegg lenger bak. Om laget vil ha eigen netttside, ta kontakt med nettsideansvarleg Helle Berger på e-post: helle.berger@bygdekvinnelaget.no. Sjekk våre gode tips til å bruke nettsiden via denne lenken.

Får du ikkje Bygdekvinner i posten?

Det er viktig at alle som har fått gateadresser og eller har endra adresse må registrere den rette adressa i medlemsregisteret. Administrasjonen må ha rett adresse for at medlemane skal få medlemsblad og faktura for medlemskontingent i posten.

Gå inn på min side på www.bygdekvinnelaget.no for å rette opp adressa di.

For å gå inn på min side brukar du medlemsnummeret ditt som brukarnamn. Om du ikkje har passord, klikk på gløymt passord og det vert sendt deg automatisk på e-post.

Har du problem med innlogginga til min side eller ikkje har tilgang på Internett, kan du ta kontakt med Marie Aaslie i administrasjonen på telefon 22 05 48 15.

Husk...

  • Styremedlemar og tilsette i administrasjonen kan komme på besøk i ditt lokallag
  • Bruk nettsiden vår bygdekvinnelaget.no til å finne informasjon og fortelle om aktiveteter i laget ditt.
  • Lik Norges Bygdekvinnelag si Facebook-side
  • Norges Bygdekvinnelag er på Instagram med #bygdekvinner. Bli med du også!
  • Bruk arbeidsplan og sentrale prosjekt som inspirasjon.
  • Ver aktiv på fylkesårsmøta. Nytt sjansen til å gje tilbakemeldingar og innspel til korleis vi saman skal drive Norges Bygdekvinnelag på best mogeleg måte
  • Du kan bestille materiell til ditt lag ved å kontakte administrasjonen

 

Venleg helsing frå alle oss i administrasjonen

Her kan du laste ned vårens lokallagsutsending.