Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Dugnadsgjengen klar for innsats foto: Liv Kolskår

Me innvia det nye teltet vårt. foto: Liv Kolskår

Ostehøvel med BBK logo foto:Liv Kolskår

Granvinsdagane laurdag 30 august ☘️

Laurdag 30.august reiste 6 bygdekvinner frå Bjørgum til Granvin for å vera med på Granvinsdagen i strålande solskinn. Granvinsdagen vert arrangert kvart 2.år, og bygdelaget vårt var med for fyrste gong for to år sida. Mange lag og privatpersonar har stand med produkter for sal og aktivitetar av ulike slag på denne dagen.

Bygdekvinnelaget selde lappar, vafler, saft og kaffi. Det var mykje folk, som kom for å sjå, prøva aktivitetar og kjøpa seg mat. Me hadde godt besøk, ikkje berre av folk, men og veps. Dei likte syltetøyet vårt.

Me innvia det nye teltet vårt, som me er godt nøgde med ☘️ ein kjekk og triveleg dag på nye drakter for fleire av oss som var med ☘️