Lagsmøte i Solheim torsdag 4.september ☘️
Kle byter folk er konseptet til Bytebua. Det er og i god bygdekvinneånd med prosjektet Nøysamd.
Torsdag 4.september fekk me besøk av Bytebua på Voss. Cissel - Norunn Erdal fortalde om oppstart og drift av bytebua. Bytebua byrja i 1981 med sal av brukte barneklede med opningstid kvar torsdags ettermiddag. Etterkvart har dei utvida sortimentet til klede i alle aldre. Hjå dei kan folk levera inn klede og få att 50% av fortenesta. Drifta er basert på dugnad og no er bytebua open tre dagar / ettermiddagar i veka.
Kveldens høgdepunkt var mannekengoppvisning av fem bygdekvinner frå styret. Dei hadde tidlegare vore i Bytebua og funne seg to antrekk kvar, som dei viste fram til stor entusiasme for oss andre. Torunn Eimstad fortalte om dei ulike antrekka og totalsummen for dei ti antrekka, som vart vel 1500 kroner. Det er mykje å spara på å kjøpa brukt, båe for lommeboka og for miljøet.
Ellers var det informasjon om bygdekvinnestreif i Sambygg 4.oktober, Inspirasjonsseminaret på Lillehammer 7. - 9.november og Smalehovesleppet siste lørdag i september. Der skal Bjørgum Bygdekvinnelag ha stend og laga brimlefse for sal.
Takk til matgjengen som ordna med frukt & lappar, kaffi & te ☘️ takk til alle de som hadde med gevinstar til utloddning ☘️ og ein stor takk til Bytebua, som var med oss denne kvelden.