Vårtur til Juv 2. mai 2016
Vårtur til JUV, Breim bygdekvinnelag på tur til den bratte og ulente garden Juv, ved fjorden, ca. 6 km frå Utvik. Rønnaug Berge Leite driv med turisme og bringebær som næringsveg her.
Breim Bygdekvinnelag
Måndag 2.mai var bygdekvinnelaget på tur til den bratte og ulendte garden Juv. Turisme og bringebær er næringsveg her. Takk til godt vertskap i Rønnaug Berge Leite som tok oss med i ei spennande og annleis gardshistorie. Hennar engasjement og forteljarevne gjorde kvelden minnerik. Etter Klempesupe og nydeleg marengsrull til kaffien var det 24 særs nøgde damer som reiste heim over "Utviken" med kvart sitt bringebærsylteglas i handa. Besøk på Juv anbefalast!