Natt i naturen hos Egdetveit Bydekvinnelag
Egdetveit Bygdekvinnelag tok utfordringa 5.-6.september og overnatta ute. 3 spreke damer tok turen til fjells og slo opp telta sine i stølsheimen. Flott tur var dei einige om.
I høve Frilutslivets år i 2015 vart frivillige lag og organisasjonar oppmoda om å vera med å arrangera og delta i friluftslivskampanjen #nattinaturen og sova ute 5. – 6. september for å setja norgesrekord i overnatting ute. Dette høyrdest kjekt ut og etter som det var meldt brukande ver denne helga, var me tre damer i Egdetveit Bygdekvinnelag som hadde lyst til å vera med på dette. Me ville ikkje vera med på arrangementa som var annonsert i avisene, men drog til fjells åleine og sette opp to fjelltelt ved ein av stølane i bygda.
Veret var som lova, sol og fint, men kraftig vind utover laurdagskvelden gjorde at me måtte kjempa for å få opp telta. Det blei mykje lått og løye før me fekk opp telta, men me hadde bestemt oss for at dette skulle me klara utan hjelp. Suppekoking til kveldsmat tok lang tid i vinden så me endte opp med å innta kveldsmaten inne i stølshuset. Heimelaga blomkålsuppe med sprøsteikt bacon og rundstykke smakte kjempegodt når det endelig var ferdig.
Utpå kvelden var det tid for å krypa i soveposane, men vinden blafra kraftig med teltduken så me sovna visst ikkje før det lei langt utpå natta. Gode madrassar og soveposar gjorde at me hadde det varmt og godt i teltet. Vakna til ein strålande sundagsmorgon. God frukost med speilegg og bacon og bålkaffi i sola gjorde susen.
Etter å ha registrert overnattinga vår på nettet fekk me tilbakemelding om at det blei uoffisiell norgesrekord i overnatting med ca 50 000 som sov ute denne natta. Det var 19 lokale bygdekvinnelaget som deltok, men berre laget vårt i Hordaland.
På vegne av damene som hadde ei fin natt ute i naturen
Kjellrun Hommedal