Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Kjøkengjengen frå Hyen bygdekvinnelag poserer ved serveringsdisken med ein tallerk med julemiddag.

Bygdekvinnene viser stolt fram julemenyen

Bygdekvinner i fine forkle etterfyller mat på serveringsbordet, med kafébord i bakgrunnen

Mykje mat må til når heile bygda kjem på middag

Far og mor og to små barn ved kafélangbord i framgrunnen, og diverse personar, unge og gamle i bakgrunnen

Både små og store møter opp på bygdekvinnelaget sine kaféar

Små og store et og kosar seg ved kafébord

Bygdefolket møtte opp

Adventskafé i Hyen samfunnshus

Torsdag 24. november inviterte Hyen bygdekvinnelag til adventskafé og mini-julemesse i Hyen samfunnshus. Dette har blitt ein årleg tradisjon, og oppmøtet frå bygdefolket var også denne gong godt.

Dørene opna klokka 13.00, og vi serverte julemiddag, med medisterkaker, julepølser, kålrabistappe, surkål og poteter. I tillegg kunne ein få kjøpe risengrynsgraut, riskrem med raud saus, lussekattar og kaker. Folk tok seg tid til å både ete, prate, og handle på mini-julemessa, der ein kunne få kjøpt blant anna heimelaga barnekle, julepynt, steinheller med trollmåleri og røykjelaks. Kaféen heldt ope til klokka 17.30, slik at mange hadde sjans til å komme innom etter skule og arbeid. Tilbakemeldingane frå bygdefolket er at dette er noko ein må halde fram med, sidan det er ein viktig sosial møteplass for alle i bygda, uansett alder, og uansett om ein vil ha full pakke med middag og dessert, eller berre ta seg ein kaffi. Takk til alle bygdekvinnene som gong på gong stiller opp med planlegging, rigging, kakebaking, matlaging, servering, sal og rydding!

Bilde lånt med løyve frå Firda Tidend, teke til deira sak om kaféen: https://www.firdatidend.no/reportasjar/inviterte-heile-bygda-til-trivel…