Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

To damer frå Gloppen Quilteklubb held opp eit stort lappeteknikk-teppe mellom seg.

Mange flotte lappeteknikk-produkt vart viste fram.

Dame viser fram veske/handlenett av gjenbrukt stoff.

Flotte vesker og handlenett kan lagast med quilting av gjenbruksstoff

Førjulskveld

Hyen Bygdekvinnelag inviterte til Førjulskveld i Kleppeneset måndag 12. desember klokka 20 for både medlemmer og andre.

Ein fin liten gjeng med damer møtte opp midt i julestria og høyrde Marie B. Myklebust og Inger Gule Gimmestad fortalde om og viste lappeteknikk/quilting. Det vart vist fram både løparar, dukar, bilete, og store og tidkrevande sengeteppe og og mykje anna flott. Lappeteknikk er naturleg nok også eigna til gjenbruk og redesign, og vi fekk sjå vesker og anna småarbeid laga av gamle skjorter, dongeribukser, gamle broderiarbeid med meir. Det vart også tid til nokre julesongar og litt opplesing og utlodning.  Serveringa besto av gløgg og julebrød, slik det høver seg på ein førjulskveld, og etterpå kunne dei frammøtte sjå nærmare på quilte-arbeida og til og med kjøpe nokre utvalde produkt. Ein triveleg førjulskveld!