Haustkafé i Hyen
Torsdag 19. oktober arrangerte Bygdekvinnelaget Haustkáfe i samfunnshuset, i samband med Verdas matvaredag som var 16. oktober.
Haustkaféen opna klokka 13.00 og serveringa heldt fram til kl 17.30. I år var det betasuppe som stod på menyen, i tillegg til pølse med brød, kaker, bollar og kaffi. Styret hadde ordna bord og stolar, skrelling av grønsaker og koking av kjøt kvelden før, og bygdekvinnene var på plass allereie frå kl 10 samme morgon for å stelle i stand suppa. Nyeforkleda våre fekk også prøvd seg. Mykje folk tok turen innom og kosa seg med mat og prat, og alt av kaker forsvann som ein vind. Takk til alle som stilte opp og laga til, og takk til alle som kom innom!