Bygdekvinnetreff med Hjertefryd
Rundt 20 bygdekvinner var samla til bygdekvinnetreff onsdag kveld, med filting av ullenglar og hjerter.
Nokre av damene hadde filta ull tidlegare, men dei fleste var nye i "faget". Det gjorde ingenting, Hilde var ein framifrå lærar, så det vart produsert englar og hjerter på løpande band. Kjekt med ferdig tillaga pakkar med alt utstyr!
Det var såvidt vi hadde tid til å kosa oss med julebrød og kaffi/ te! Mange fine geinstar vart delt ut til heldige vinnarar! Esther informerte om neste møte, som skal vera fredag 6. desember. Meir info blir lagt ut her seinare.