Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Omvikdalen Bygdekvinnelag vart tildelt Kulturprisen

Kvinnherad kommune sin kulturpris for 2024 vart tildelt Omvikdalen Bygdekvinnelag av eit samrøystes levekårsutval tysdag 3. desember.

Tysdag 17. desember var det utdeling av prisar for vinnarar av kulturstipend, frivilligprisen og kulturprisen, og styret i Omvikdalen Bygdekvinnelag var invitert for å ta imot kulturprisen. Ordførar, levekårskomité, leiar for kultur med fleire stod for arrangementet.
Solte bygdekvinner stilte i bunadar for å markera at bunadsbruken er kome på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv.

Leiar i OBK, Esther Falk, tok i mot prisen på vegne av alle tidlegare og noverande medlem, og leiar for levekår takka alle kvinner som har stått og framleis står på for bygdene. 

Det var ei fin og hyggeleg stund med gode samtalar, musikkinnslag og eit rikholdig koldtbord.

I grunngjevinga til levekårsutvalet står det: 

Laget sin trufaste innsats for å halda i hevd lokal kultur knytt til mat, bunad, tradisjonshandverk, bygdetradisjonar samt eit stort inkluderingsarbeid for nytilflytta kvinner.

Bygdekvinnene fungerer som tilretteleggjarar og lim ved ulike arrangement i lokalsamfunnet. Me ynskjer og løfta og anerkjenna arbeidet som bygdekvinnene over mange år har gjort for den lokale bygdekulturen. 

Laget har fornya seg ved å ha fokus på gjenbruk, berekraft og har hatt medlemsvekst dei siste åra. Arbeidet deira har hausta nasjonal merksemd og påskjøning. Kvar månad nyt 36 barn og ti tilsette i Omvikdalen barnehage godt av bygdekvinnene sin heimelaga husmannskost, laga på reine råvarer og med kjærleik, servert med flid om omsorg.