Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Barnet, eller mysteriet, i veven

Sirdal husflidslag arrangerte 24. september temamøte med biletvev i sentrum. Sirdal bygdekvinnelag var så heldige å bli inviterte med til møtet på Bakkehuset hos Anette denne kvelden, og me som var der, høyrde ei engasjert Emma H.H. Manin fortelja om korleis bestemora sine biletvevar gjev ho inspirasjon til å skriva bøker.

Ho debuterte som forfattar i 2020 med romanen "Barnet i veven", som skildrar livet i ei bygd for hundre år sidan. Ho får inspirasjon av ein biletvev, og vev inn gamle historiar i forteljinga. Historiar fortalde av besteforeldra til Emma Manin. I neste bok, "Mysteriet i veven", fylgjer me odelsjenta Ingebjørg frå 1929 og fram til andre verdskrig.

På møtet fortel Emma Manin nokre av historiene, viser mange biletvevar og fortel om kva som var viktig i samfunnet på den tida ho skriv om. Hadde dette vore ein lesesirkel, kunne ho ha fortalt om grundig  bakgrunnssjekk for å få alt til å stemma med røynda, detaljar som må hengja i hop og mykje tankearbeid. Det er berre å lesa, for dette gav meirsmak, og neste bok er under arbeid.

Etterpå serverte husflidslaget pastasalatar og kaker, og det var utlodning av alt frå sjokolade til blomar og panneband.

Tusen takk for ein interessant, koseleg og innhaldsrik kveld!