Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Bli kjent-tur
Bli kjent-tur
Gullringane frå Øksendal
Bli kjent-tur

Blei kjende frå Øksendal til Haughom

Denne måndagen var omlag 25 personar med på bli kjent-turen i friluftslivet år som ein del av “Friluftsglede og inkludering” i regi av Noregs bygdekvinnelag.

Svein Egil Testad og Sissel Agathe Bø guida rundt vatnet. På turen såg me eit trau som var 800 år gammalt i ei løe. Det er knytt til sagnet om hirdmennene som kom frå Skottland.

I tillegg fekk me sjå den nøyaktig plassen kor dei fann gullringane under arbeid med ei grøft i 1944. Dei er frå folkevandringstida, og blei funne i kanten av eit vatn. Originalane er på Oldsakssamlinga i Oslo, men Sirdal kommune har fått laga nøyaktige kopiar som vert brukte i samband med formidling. 

Etterpå samla alle seg i hamna i Haughom der Bjørg Anny hadde fyrt opp grillen, og praten gjekk godt i fin solnedgong.