Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Kvæven bygdetun
Bondelaget
Kvæven bygdetun
Tradisjonsmat
Kvæven bygdetun
Sirdal husflidslag
Sirdal husflidslag
Sirdal husflidslag

Påsketreff i Jørenhuset

Påskeafta arrangert Sirdal bygdekvinnelag, Sirdal tradisjonsmat, Sirdal bondelag og Sirdal husflidslag eit uformelt påsketreff i Jørenhuset på Kvæven bygdetun.

Ingen snø i sikte, men sola skein og folk koste seg, og i Jørenhuset var det aktivitet i alle rom.

Bondelaget grilla pølser ute, og mange starta med middag ute før det blei dessert inne. Sirdal tradisjonsmat v/Torbjørg Haugen serverte jordeplekake og bygdekvinnelaget lappar. Medan ein koste seg med kaffien kunne ein høyra litt om historia om Jørenhuset frå Fidjeland frå 1894. Ville ein kjøpa vottar, sitteunderlag eller påskeløpar laga av medlemer i husflidslaget, var det i ei endå eldre stove i Jørenhuset. På den tida kunna ein riva eitt bygg ein stad for å setja det opp ein annan stad, og det blei gjort her. Mange sette pris på atmosfæren i det fine, gamle bygget, som har husa mang ein saue-/heiekar og turist fram til 1973 då det blei gitt til Sirdal kommune som første bygg til eit bygdetun.

I den andre stova selde Eli Haugen flotte bilete av rube (ryper), sauer og ekorn, medan nokre barn etterlyste levande dyr i løa til Jørgen med sjøen (frå Sinnes).

Kvifor vert det kalla Jørenhuset? Det var Jøren Fidjeland, gift med Birthe, som eigde og budde i huset på Fidjeland  fram til han var nitti år.

Oppsummert var det mykje folk, god stemning og godt sal. For å seia det med Torbjørg: "Det er viktig å ta vare på tradisjonane!"

Bilete: Eli Haugen