Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Årsmøte 2024
Årsmøte 2024
Årsmøte 2024
Årsmøte 2024
Årsmøte 2024
25-årsjubileum
25-årsjubileum
25-årsjubileum
25-årsjubileum
25-årsjubileum
25-årsjubileum

Stinn brakke og stor aktivitet

Oktober er årsmøtetid i bygdekvinnelaget, og i år var det stinn brakke og triveleg jubileumsfest på Sirdalsvatnet hotell 21. oktober.

Leiar i Sirdal bygdekvinnelag, Tone Østtveit Kvinen, ynskte 40 kvinner velkomen til årsmøtet og loste oss gjennom alle formalia, årsmelding, rekneskap, budsjett og val av nytt styre. Solveig Marie Ådneram informerte frå Noregs bygdekvinnelag og hadde med helsing frå leiaren Anne Irene Myhr til jubilanten, og Åse-Berit Fidjeland informerte om arbeidet i Rogaland bygdekvinnelag. 

Plutseleg hadde det forvilla seg ein mann inn på møtet òg. Hadde han gått feil? Nei, det var Steinar Skretting som skulle fortelja om arbeidet sitt i Sirdalskameratene som starta med hjelp til rusmisbrukarar. Nå tilbyr dei matutdeling og gjenbruksbutikk med både møblar og klede. Var damene interesserte i dette? Ja! Det var på denne måten styret fekk “lurt” Steinar til årsmøtet, slik at han kunne bli utropt til Årets kvardagshelt 2024. Gratulerer!

Etter årsmøtet bar det opp i restauranten for feiring av at laget vart stifta for 25 år sidan. Tone fortalde om då ho hadde gløymt at ho var serveringsansvarleg under 20-årsfeiringa. Det gjekk godt…

Heldigvis ville heller ingen leggja ned laget for fem år sidan, og nå er aktiviteten stor og over 70 damer med. Dermed kunne me feira oss sjølv med god middag, mykje god drøs, flott jubileumssong, flott minikonsert med m.a. sjølvskriven song av Ingrid Kornelia Bjørndal og diktlesing av Solveig Marie Ådneram. I tillegg tok Torbjørg Haugen oss med på korleis yrkeskarrieren blei til, krydra med morosame historier frå ulike bilturar rundt om i Europa med mat og utstyr til langrenns- og skiskytterlandslaga (og Kongen), samt ein liten tur til Molde FK med sitat “ein liten fotballspelar frå Bryne”. Nå held ho føredrag om kor viktig god og “vanleg” mat er for idrettsutøvarar, og oss andre.

Til slutt overrekte leiarane Ingrid Haugstad Haaland og Ann Karin Hammer i Rogaland bygdekvinnelag blomar og gratulasjonar til eit aktivt lag som viser godt att i bygdekvinnekretsar.

Lukke til med dei neste 25 år!

Vil du lesa meir, sjekk SirdalMedia.

 

 

Bilete: Siri Elisabeth Skagestad og Solveig Marie Ådneram

Kjære Steinar med det store hjertet for Sirdal!

Det er en stor glede og ære for oss i Sirdal bygdekvinnelag å ha deg sammen med oss her i dag. Ditt daglige engasjement for innbyggere som trenger hjelp, støtte og omsorg, er stort.

- Og vi vet at du også jobber mye i det stille! Du kjører, henter og bringer og stiller opp for de i bygda som trenger det aller mest, sammen med Sirdalskameratene og organisasjonen Blå kors. Og engasjementet når langt ut over Sirdals grenser. 

Det er derfor en stor glede og ære å gi prisen for Årets hverdagshelt til deg, fra et einstemmig Sirdal bygdekvinnelag. 

Gratulerer og lykke til videre i ditt arbeid!
 

Steinar Skretting - Årets kvardagshelt 2024