- Me held fram med ein fast trimtur i veka også til neste år
Det seier Kristine Edland, leiar i Sandnes Bygdekvinnelag. Kvar einaste måndag har 14 damer frå lokallaget det siste året møttest i Vagleskogen for å gå tur i lag. Det har skapt godt samhold i laget.
- Eg las om trimkonkurransen Mosjon 52 i medlemsbladet til Norges Bygdekvinnelag. Konkurransen var open for alle som gjennomførte minst ei mosjonsøkt kvar veke gjennom 2016, og eg tenkte at det ville vera kjekt å få med seg fleire i lokallaget på å gå tur, seier leiar i Sandnes, Kristine Edland.
Har også du delteke i «Mosjon 52» bør du snart gjere som lokallaget i Sandnes, og sende inn konkurransekortet ditt og eit bilete av deg sjølv. Siste frist for innsending er 8. januar 2017. Premiane vert annonsert neste veke, og to heldige vinnarar får ei oppleving dei seint vil gløyme!
På tur i lag ein gong i veka
Oppmøtestaden til gjengen i Sandnes er den same kvar veke. Turen går rundt lysløypa i Vagleskogen som er mykje brukt heile året, med turgåarar, syklistar, ryttarar og joggarar. Vinterstid er det lettvint å gå lysløypa, sommartid hender det at ruta går utanom. Vagleskogen byr på flotte turmogelegheiter.
8-10 medlemar stiller opp kvar veke, andre er med når det passar seg slik. I følgje Kristine har turane vore ei god unnskyldning til å kome i lag oftare og få lea litt på seg:
- Nokre av oss har vorte meir aktive på grunn av den faste turavtalen, så no har me bestemt oss for å halde fram med dette også til neste år. Det er veldig sosialt og triveleg.
Turane er ikkje den einaste formen for trim lokallaget arrangerer, kvar haust har dei kurs i pilates for medlemane.
Kontakt med vêrgudane
Det berykta vestlandsvêret har i alle fall ikkje vore noko unnskyldning for ikkje å gå på tur, for gjennom dei 52 turane som damene har gått har det berre regna tre (!) gonger.
- Det har kanskje regna før klokka 18 eller etter me er komne i hus, men den timen me har vore ute har me hatt opphaldsvêr i utrulege 49 veker, ler Kristine. Grunn god nok for å hive seg med damene frå Sandnes på neste tur.
Fokus på ville vekstar
Det siste året har dei også hatt fokus på ville vekstar, som er Norges Bygdekvinnelag sin råvareaksjon i 2016 og 2017.
I april hadde lokallaget besøk av Ellen Tjørnhom Bøe, leiar i Jærsopp. Ho inspirerte laget til å setje i gong ein studiering på temaet, og gjennom året har 7 av medlemane plukka mykje spanande på trimturane sine som dei har teke vare på. Onsdag 9. november inviterer dei eigne medlemar og medlemar frå Fjellbygda bygdekvinnelag til ein heilaftans, med mat laga av ville vekstar som dei har plukka og fryst ned gjennom året.
Og menyen, den fristar nok dei fleste:
Velkomstdrikk: bjørkesaft og geiteramssaft i små glas.
Forrett: knekkebrød med nesle og ost. Tilbehør: nypepure, granskotsirup/gele, løvetannblomgele/sirup og rognebærgele.
Hovudrett: neslesuppe m/ramsløksnurrar. Soppsuppe av kantarell og focacciabrød med skvallerkål, samt skvallerkålpai.
Dessertar: eplemuffins med tyttebær og hasselnøtter, trollkrem, is laga av rognebladskot, hylleblomstfromasj med villbringebær, marinerte bjørnebær og rosegele laga av den kvite prestegardsblomen “kronblad”. Bringebæra og bjørnebæra er henta frå Vagleskogen.
Konkurransen er ein del av satsinga "Bygda i bevegelse", kor Bygdekvinnelaget jobbar for å løfte fram kvardagsaktiviteten og motivere endå fleire til å kome seg ut på tur. Litt mosjon er mykje betre enn ingenting!
Har du gjennomført 52 mosjonsøkter på 52 veker før kampanjeslutt 31. desember 2016, så sender du inn kortet ditt og eit bilete av deg sjølv innan 8. januar 2017 til:
Norges Bygdekvinnelag - Pb. 9358 Grønland - 0135 Oslo.
Premiane vert annonsert neste veke, og to heldige vinnarar får ei oppleving dei seint vil gløyme!