Vinnarane av fotokonkurransen #minhøsttur er….
I fotokonkurransen #minhøsttur var det Marit Helene Eira, Signe Lise Børven og Morten Larsen som stakk av med dei tre første plassane. Gratulerer!
Hausten er ein eksplosjon av fargar rett utanfor stuedøra. Det er flaumen av flotte haustbilete som Bygdekvinnelaget har fått til vår fotokonkurranse #minhøsttur synleg bevis på. Fotokonkurransen er ein del av Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt «Bygda i bevegelse». På instagram, facebook og e-post har me fått inn eit hundretals fargerike haustbilete dei siste vekene, takk så mykje for alle dei flotte bidraga!
Norges Bygdekvinnelag har kåra tre vinnarar som får kvar si Fjellreven vidda pro turbukse:
1. plass - Marit Helene Eira (Kautokeino): «Biletet til Marit syner turfellesskap og at ein ikkje treng dra så langt for å kome seg ut. Med blåbærbøtta som dinglar, praten som går og bygda i bakgrunnen, er biletet eit synleg bevis på at nærturen med utgangspunkt i bygda kan vera vel så bra som turar lengre unna».
2. plass - Signe Lise Børve (Ullensvang): «Biletet med Folgefonna i bakgrunnen, syner fram at matpausa er ein viktig del av turgleda og turopplevinga. Om biletet sitt skriv Signe: «Veret var berre så flott at eg MÅTTE opp på fjellet, og einaste turfølge denne dagen var meg sjølv. Hadde ein herleg tur, og av og til er det godt å gå aleine også».
3. plass - Morten Larsen (Molde): «Biletet til Morten syner verkeleg fram fargefesten som hausten byr oss på. Biletet frå den romsdalske fjellheimen er ein god komposisjon som gjer at ein får lyst til å ta turen opp på fjellet umiddelbart».
I tillegg gratulerer me også Ane Aanerud Grøndahl (Nes) og Debbie Spets (Selbu) som får kvar si overrasking i posten for høvesvis 4. og 5.plass i konkurransen. Sjå alle bileta på: www.facebook.com/bygdekvinnelaget
Hugsar du på å ta med kameraet eller mobiltelefonen når du er ute på tur, kan du delta i ny fotokonkurranse allereie til vinteren. Følg med på www.bygdekvinnelaget.no og www.facebook.com/bygdekvinnelaget for meir informasjon i desember!
Bygdekvinnelaget sine fotokonkurransar gjennom dei fire årstidene er ein del av Bygdekvinnelaget sitt prosjekt Bygda i bevegelse: I 2015 og 2016 satsar Norges Bygdekvinnelag på å løfte fram kvardagsaktiviteten, og Bygdekvinnelaget sine lokallag inviterer i prosjektperioden til fire opne folketurar over heile landet gjennom dei fire årstidene, med fokus på turglede og utemat. Målet er å gje deltakarane positive opplevingar i naturen, senke terskelen for å kome seg ut på tur og motivere fleire til å vere fysisk aktive gjennom heile året. |