Hopp til hovedinnhold
Dette blir moro. Dette blir fjernsynskjøkken.

Dette blir moro. Dette blir fjernsynskjøkken.

Inviterer til webinar om graut

Bli med på livesending frå Ann Kristin Møsth Wang sitt kjøkken onsdag 8. oktober kl. 18.00 til 19.00. Der ho skal lage smakfulle, tradisjonelle og trendy rettar av graut til oss.

Under sendinga får du: 

• Inspirasjon til korleis du kan lage kreativ og enkel graut.
• Graut som ein nøysam og berekraftig rett.
• Tips til smakfulle graut-rettar med ein vri
• Moglegheit til å stille spørsmål om graut til fest og kvardag

Alle er hjarteleg velkomne – både medlemmar og ikkje-medlemmar!

Seminaret er eit samarbeid mellom Bygdekvinnelaget og Matvalget. Matvalget er ei rettleiingsteneste for verksemder som vil lage berekraftige måltid. Les meir her: matvalget.no

Dette er ein del av Bygdekvinnelaget sitt prosjekt Nøysom. Les meir om prosjektet her:
bygdekvinnelaget.no/noysom

Takk til Sparebankstiftelsen DNB for støtte til prosjektet!

Bli med på seminaret frå stova di, eller samle laget og sjå saman