Hopp til hovedinnhold
God stemning: En herlig internasjonal miks av kvinner lager mat sammen. Foto: Kinsarvik Bygdekvinnelag.

God stemning: En herlig internasjonal miks av kvinner lager mat sammen. Foto: Kinsarvik Bygdekvinnelag.

Kinsarvik Bygdekvinnelag inviterer flyktninger med i bygdelivet

Asylsøkere og innvandrere bes med på felles bakekvelder, hyggekveld med håndarbeid og snekkerkurs. Bonusen er gleden av å få nye venner i bygda.

Her kan du lese den hyggelige hilsenen vi har fått fra leder Helene Olsen i Kinsarvik Bygdekvinnelag:

Ullensvang herad fekk tidleg etablert asylsøkjarmottak, nærare bestemt i Kinsarvik.  Mange ulike asylsøkjarar og innvandrarar med ulikt opphav er eit heilt vanleg bilete av kvardagslivet i bygda og på skulen vår.

Kinsarvik Bygdekvinnelag sin tidlegare leiar gjennom mange år, Anne Lutro, såg fort at her kunne Bygdekvinnelaget gjera ein jobb for å integrera desse nye innbyggjarane våre.  Det er ho som har vore primus motor i dette arbeidet og har sett fokus på kor viktig dette arbeidet er.

Me er så heldige å ha eit felles eldhus her i bygda som Bygdekvinnelaget er ein flittig brukar av.  Her har det vore mange kurs og samlingar der lokalt bakverk har vore tema. Innvandrarkvinner og –menn har vorte inviterte med i eldhuset for å baka.  Etterpå får dei bakverk med seg heim.  Dette har vore svært populært.  Fleire av kvinnene har vorte ekspertar på krotakakebaking. Dei har vore til stor hjelp når me har baka til den tradisjonelle kakedagen som laget skipar til kvar sommar med utlodding av krotakaker og anna bakverk.  Nokre av dei har og vore til god hjelp ved kursing av nye bakarar.

Dei bringar med av sine spesialitetar og me av våre

Kvart år har me invitert spesielt denne kvinnegruppa til ein hyggekveld, til  januar- eller februarmøtet, der  temaet gjerne er mat og/eller handarbeid.  Dei bringar med av sine spesialitetar og me av våre, eller me lagar maten på staden saman.  Me hyggjer oss rundt eit godt måltid som gjerne vert etterfølgd av song, spel og dans.  Dette har vore svært vellukka.  Seinare kan me møtast på vegen eller på butikken og veksla nokre ord eller berre eit smil.

Seinare kan me møtast på vegen eller på butikken og veksla nokre ord eller berre eit smil

Andre aktivitetar som har vore vellukka:

  • Måling av mønster på silkesjal
  • Laga kort med  måla silkemotiv
  • Veving av filleryer
  • Sying av dokkekler til eigne dokker og til gevinstar
  • Småsnekkarkurs for alle, men det er mest unge gutar som har delteke her.  Det har vorte laga bokhyller, lysestakar, skoskeier,  skjærefjøler og fuglebrett.  Ein del av gjenstandane vart pynta med svidd dekor

Den tidlegare leiaren vår sette  i gang aktivitetar på barnebasen på asylmottaket, slik som baking , laging av jule- og påskepynt, perletreing og makrame.

Ho har og teke grupper med på rundtur i bygda og fortalt litt om bygda si historie.   Våre nye landsmenn har gitt uttrykk for at dei set stor pris på det som vert gjort for dei.

Frivilligheitsentralen i heradet har og eit opplegg ein dag i veka med handarbeidsaktivitetar og kaffikos, der folk frå bygda og damer frå aylsøkjarmottaket og innvandrarkvinner kjem saman.  Bygdekvinnelaget har eit samarbeid med frivilligheitssentralen her. Fleire av medlemmene våre møter opp og utvekslar handarbeidsrøynsle og rettleier om det trengs. Dette har resultert i eit varmt samarbeid og venskap mellom ulike aldersgrupper, frå unge jenter til  bygdekvinner over 90 år.

Me har to innvandrarkvinner som medlemmer i laget

I 2016 har me, tradisjonen tru, planar om å invitera damene frå asylsøkjarmottaket og innvandrarkvinnene til ein felles hyggekveld i februar.  Til våren vert det truleg fotturar i nærområdet.  Då vil me og be desse damene med oss.

Per i dag har me to innvandrarkvinner som medlemmer i laget.  Det er fint å kunna utveksla ulike kulturar og læra av kvarandre.

 

For Kinsarvik bygdekvinnelag

Helene Olsen, leiar