Hopp til hovedinnhold
Matkastebordet viser dei 42,6 kg mat kvar person i gjennomsnitt kaster i løpet av eit år. Foto: matvett.no

Matkastebordet viser dei 42,6 kg mat kvar person i gjennomsnitt kaster i løpet av eit år. Foto: matvett.no

Korleis kaste mindre mat

Kastar du mykje mat, og lurer på korleis du kan bli flinkare til å bruke opp maten og minske matsvinn. Her er Anne Marie Schrøder i Matvett sine beste tips mot matkasting.

Kvar åttande handlepose rett i søpla
Nordmenn kaster 42,6 kg mat kvar i året. Det betyr at kvar åttande handlepose med mat går rett i søpla.

-  Av det kartlagde matsvinnet i Noreg står forbrukarane for 58 prosent og matbransjen for 42 prosent. Det positive er at det ikkje er så mye som skal til for at du kan gjere ein forskjell, seier Anne Marie Scrøder, kommunikasjonssjef i Matvett.

Lag handleliste
Schrøder anbefalar folk å byrje planlegginga allereie før handleturen. Ho seier ein bør ha ei handleliste liggande på benken som alle kan skrive på når noko manglar. Ta med handlelista i butikken. Såleis unngår du å kjøpe varer du allereie har i kjøleskapet, og du kjem heim med det du faktisk treng.

Anne Marie Schrøder er kommunikasjonssjef i Matvett,
som jobbar for å førebygge og redusere matsvinn. Foto:mattvett.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det kan òg vere lurt å planlegge ein vekemeny slik at råvarene passar i fleire rettar. Har du likevel nokre råvarer igjen kan du la deg inspirere av Matvett sitt Bruk opp-leksikon. I leksikonet kan du lese om oppbevaring og bruk av råvarer. Har du til dømes tenkt på at du kan henge opp chili du ikkje får brukt tørk i vindauget, eller at nøtter held seg best når det vert lagra mørkt og kjøleg, som i kjøleskåp eller i spiskammer.

Sjekk ut Matvetts Bruk opp-leksikon; https://www.matvett.no/brukopp-leksikon

Vi kastar tørt brød  
Vi kastar mest måltidsrestar, brød og bakevarer, frukt og grønt. Her er Matvett sine tips til korleis du kan kaste mindre av desse matvarene.

- Bruk sansane dine før du kastar mat som har gått ut på "Best før"-dato. Den er "ofte god etter", seier Schrøder. Ho oppfordrar vidare til at vi skal tenkje alternativ bruk av råvarer som ikkje er ferske. En blaut tomat kan brukast i pastasausen om den ikkje er god i salaten osv.

Tips! Lag grønsakskraft av avskjer
Spar på restar frå avskjær og godt vaska skrell i frå grønsaker som løk, gulrot og rotgrønsaker. Legg det i ein pose i frysaren. Når posen er full kan du setje på ein stor kjele og koke grønsakskraft. Etter om lag ein time har du heimelaga kraft som gjev nydeleg smak i suppe og sausar.  

Lagring og oppbevaring av mat

I følgje Schrøder er kjøleskap og frysar viktige reiskap for å ta godt vare på maten, men dei må brukast rett. Her er hennar tips:

  1. Ha kontroll på temperaturen i kjøleskap (2-4 grader) og frysar (-18 grader)
  2. Hald god orden og hygiene i kjøleskåp og frysar. Vit kva du har og plasser det rett. Sett det som går ut på dato først i skapet eller ha ein eigen boks med "Spis meg snart" på. Plasser kjøt og fisk der det er kaldast og ha ein eigen boks til pålegg. Vask over jamnleg med klut.
  3. Sørg for rask nedkjøling av mat du har handla eller restar frå måltida. Det er lurt å handle mat som siste post på programmet, og husk å få maten raskt i kjøleskapet når du kommer hjem. En del nye skap har egne innstillinger for rask nedkjøling, og det er spesielt nyttig i sommarvarmen. Ikkje la melk og pålegg stå lenge ute. Forsyn deg med det du skal ha og sett maten tilbake i kjøleskapet. Kjøl ned det som er til overs etter måltida fort, gjerne i vannbad og sett kaldt.
  4. Pakk inn matrestar. Det er viktig å pakke inn rester frå måltid i tette boksar med lok. På den måten vil ikkje maten “forureinse” klimaet i kjøleskapet og ta smak frå eller tørke ut anna mat. Ekstra viktig er det å unngå kontakt mellom rå og ferdiglaga mat.

Matsvinn ei miljøutfordring
I følgje FN går heile 1/3 av all mat som blir produsert i verden rett i søpla.

Noreg gjer ein god jobb på dei fleste berekraftsmåla, men når det gjeld matsvinn har vi alle ein jobb å gjere. Kaster du mindre mat du med på å innfri FN sitt berekraftsmål nummer 12, som handlar om ansvarleg forbruk og produksjon.

Berekraftig matforbruk
Verdas matproduksjon står for ca. 30 prosent av klimagassutsleppa, og det krevst store vass- og jordressursar for å dyrke og foredle korn, kjøtt og andre råvarer.

- Det er ti gongar meir miljøvennleg og ressurseffektivt å sørgje for at maten som vert produsert vert ete av menneske enn at den vert behandla som avfall i etterkant. Både av omsyn til miljø, ressursutnytting og økonomi er det viktig å få redusert matsvinnet, avsluttar Schrøder.

 

Matsvinn er når spiseleg mat vert kasta eller brukt til noko anna enn menneskemat. Ein tredjedel av den maten som vert produsert i verda vert aldri ete fordi maten vert øydelagt eller kasta.

Matvett AS er mat- og serveringsbransjen sitt selskap for å førebygge og redusere matsvinn.

Kampanjen bruk heile dyret skal løfte fram oldemor sitt prinsipp der alt som kunne brukast til mat vart nytta. 

Bygdekvinnelaget meiner kunnskap om mat og matproduksjon gjev ei auka forståing for verdien av maten, arbeidet som ligg bak og kor ressurskrevjande matproduksjon er, og er sikre på at det vil føre til mindre matkasting. Vi vil òg at fleire skal få oppleve gleda med å trylle fram gode rettar av norske råvarer i sesong.