Hopp til hovedinnhold
KUL-turløype for alle. Foto: Laila Brøste

KUL-turløype for alle. Foto: Laila Brøste

KUL-turløype for heile bygda

-Eg hadde så lyst til å få til noko som var trygt, tilrettelagt og tilgjengeleg for alle. Det seier Laila Brøste, eldsjel i Lesjaskog Bygdekvinnelag om den nye KUL-turløypa på Lesjaskog.

Eldsjel i Lesjaskog Bygdekvinnelag, Laila Brøste, er initiativtakaren til KUL-turløype. Eit nett av stier på Lesjaskog som kan brukast av alle – med og utan hjul.

Tursti for heile bygda har det blitt til gangs. Løypa er særleg tilrettelagt for eldre og handikappa, men ligg også i nærleiken av både skulen og barnehagen som brukar området aktivt. Med på laget er Lesjaskog Bygdekvinnelag, Lesja Historielag, Alma Enstads Minnefond, Skoglund bofellesskap, sanitetsforeininga, grendeutvalet, eldresenteret, barnehagen og skulen. Då løypa vart opna møtte det 100 personar.

- Den dagen fekk me verkeleg heile bygda i bevegelse, fortel Laila som er stolt over det dei har fått til. – Det er særleg kjekt å sjå alle dei eldre som no har eit trygt og tilrettelagt område i gå tur i, med eit turmål som gjer at det vert lettare å kome seg ut. Nokre fortel at dei brukar løypa nesten dagleg.

Laila Brøste er kjent for å skape aktivitet og liv i lokalmiljøet, både i og utanfor Bygdekvinnelaget. Dei siste åra har ho mellom anna vore primus motor for mosjonsløpet Lailalåmi, som ho har starta opp saman med ein god gjeng arbeidssame damer på Bjorli og Lesjaskog.

Lailalåmi

I Lailalåmi kan du delta både med og utan tidtaking, og du avgjer sjølv om du vil gå, rusle, jogge eller trille anten 3.5 eller 7 km. Løpet er for alle jenter og kvinner mellom 0 og 100 år.

- Det viktigaste er å kome seg ut, oppmodar Brøste.

Ein tur er bra

Sjølv er ho glad i å vera i aktivitet, så då ferien i år gjekk til Mallorca hadde Laila sjølvsagt med seg «Mosjon 52»-kortet sitt ut på sykkeltur for å få kryssa av den vekentlege mosjonsøkta som Bygdekvinnelaget sin konkurranse krevjer. – Det er betre med ein tur i veka enn ingen, så viss konkurransen kan motivere fleire til å kome seg i aktivitet er det heilt supert.

Laila fortel at ho ofte er ute på tur, og om ho treng ekstra motivasjon er det fint å kunne invitere med ei veninne eller ein nabo ut. - Det er mykje motivasjon i å gjere ein fast avtale, og då får ein også tid til å prate om meir enn ein har tid til i ein travel kvardag, avsluttar Laila.

 

Konkurransen «Mosjon 52» er open for alle, og den vekentlege økta kan bestå i å kome seg ut på tur eller ein annan aktivitet du likar: jogging, dans, sykling, svømming, yoga m.m.

Når du har gjennomført dine 52 veker, sender du inn kortet du fekk i Bygdekvinner 4-15 og eit bilete av deg sjølv til: Norges Bygdekvinnelag, Pb. 9358 Grønland 0135 Oslo.

Frist for innsending av kort: 8. januar 2017.

Har du ikkje kortet? Last det ned her.

Me trekk ut nokre heldige vinnarar som får fint turutstyr.

NB! Merker du bileta dine #mosjon52, hamner dei i vårt galleri på Instagram og på facebook (facebook.com/bygdekvinnelaget).

laila_beskjaert.jpg nett_lailal_mi_2_5700082a_beskjaert.jpg laila_kulturloype_alle.jpg