KURS I BRUK AV KART OG KOMPASS
18 og 20 mai heldt Bjørgum Bygdekvinnelag kurs i kart og kompass.
Ein kveld med teori og ein kveld ute i fjellet for å setja lærdom ut i praksis.
No i desse koronatider har det vorte meir atraktivt å kunna få vera ute i naturen.
Bjørgum Bygdekvinnelag hadde derfor sett opp kurs i bruk av kart og kompass. Når ein er ute i naturen kan ein ikkje stola på mobiltelefon og det er mange plassar der dei ikkje er dekning.
Så ein innføring i bruk at kart og kompass er ein nyttig ting å kunna.
Gjengen frå Bjørgum Bygdekvinnelag hadde to kjekke og lærerike kveldar.
Takk til Bjarne Fosse som var kursleiar, og til Bente som laga nydelege lappar til oss fyrste kvelden.