Hopp til hovedinnhold

Kuslepp på garden Gravejord hjå familien Hegnastykket.

8 mai 2016

Dagen kom med strålande sol og god temperatur. Det var møtt opp nær 150 besøkande.  Kusleppet var eit samarbeid med Bø Bondelag og Norges Bygdekvinnelag. Det vart steikt sveler, grilla pølser, kaffi, mjølk og saft. Dei fleste kom kl. 11.00, men kl. 12.00 var det kuene skulle ut av fjoset for fyrste gong i år. Ei stor oppleving for oss alle, ikkje minst for borna, dei yngste satt i vogna si, dei litt større sto ved gjerdet og lokka på kuene. Det vart yr vårglede å sjå hos dyra,  nokre hoppa, nokre sprang og etter kvart var det gleda med å beite på grøn mark.

Ein fin dag, dette  håpar me kan blir ein tradisjon  kvart år.