Hopp til hovedinnhold
Sigrid Fossan er ei av dei som skal stå for underhaldninga under Landsmøtet.
Jun
05
Fri

Landsmøte i Norges Bygdekvinnelag 2026

Drammen, Buskerud
-

Norges Bygdekvinnelag inviterer til landsmøte 5.-6. juni 2026. Landsmøtet er i Drammen og vert arrangert saman med Buskerud Bygdekvinnelag. Alle er hjarteleg velkommen!

På Landsmøtet skal delegatar frå heile landet diskutere og ta avgjersler for kva Norges Bygdekvinnelag skal arbeide med fremover. Viktige saker som formålsparagrafen, politisk plattform, strategi mot 2030 vert tatt opp på Landsmøtet. 

Landsmøtet skal vere på Quality Hotel River Station som ligg sentralt til i Drammen sentrum, rett ved togstasjonen. 

Landsmøte som møtestad
Landsmøtet er ikkje berre eit viktig møte for organisasjonen, men også ein sosial møteplass der ein vert kjent med bygdekvinner frå heile landet. Mange nyttar også sjansen til å bli kjent med ein ny stad. Allereie torsdag 4. juni inviterer Buskerud Bygdekvinnelag til ei hyggeleg samling på Aas Bryggeri om kvelden med enkel servering og omsyning.  

Bli med på Bygdekvinnelagets landsmøte!
Alle medlemmer i Norges Bygdekvinnelag er velkomne til å delta på landsmøtet. Om ein ikkje er delegat frå sitt distrikt kan ein melde seg på som observatør. Ein kan då sitje i salen og følgje med på diskusjonane, og delta på alt det sosiale med måltider og utflukter i samband med møtet. 

Påmeldinga til Landsmøtet er enno ikkje lagt ut! 

Denne sida vil bli oppdatert etter kvart som påmelding, saker og tidspunkt er klare.