Hopp til hovedinnhold

Bakke Bygdekvinnelag

Høst tur til Porten og Flaghylla!


7. september arrangerte Birgit, på vegne av Bakke Bygekvinnelag, tur til Porten og Flaghylla i Bingen/Sigdal.

Birgit forteller fra turen:
"Trass i ein regntung morgon, blei me 26 unge og eldre som la i veg opp lia frå Ingebu. Tom Ingebo leda an som kjentmann.

Etter at den bratte lia var gjort unna, flata terrenget ut og stigen tok oss langs åskammen til me stod i tunet på den gamle buplassen Porten.
Her tok Rønnaug Thorrud over og fortalte levande historia om Porten og om dei som hadde budd her. Frå å vere ein husmannsplass under garden Ingebu, til å vere ein eigen gard med ulike eigera, - og fram til Porten blei nytta som seter fram til byrjinga av nitten seksti talet. Av folka som hadde budd her, var det historia om Ole Olsen Green (1795 - 1885) som festa seg best i minnet. Rønnaug viste fram ei øks og klaver for sau og for ku som Olsen hadde laga og ripa inn navnet sitt på.

Bildetekst: Ved Porten. Rønnaug (i midten) fortalte litt om plassen.

Nokon av dei som var med på turen, måtte snu ved Porten. Me andre fortsatte turen mot Flaghylla. Været var blitt stadig betre utover dagen og skydekket var ved å sleppe til små solstråler. Stigen opp til Flaghylla var stundom bratt, men utsynet mot Nord-Bingen og Holtefjell fanga blikket og soleis gjorde det lettare å gå.

      

Bildetekst: Birgit er staks oppe på Flaghylla og en fantastisk utsikt åpenbarer seg.

Utsynet og villskapen i naturen som møter ein oppe på hylla, er verdt ei bratt oppstigning. Nistematen smakte og praten gjekk lett her oppe på Flaghylla. So var det Tom Ingebo sin tur til å fortelja om heimgarden Ingebu, om korleis dei som har budd her inni skogene har livnært seg, om sagn og om landskapet me såg utover. Der me sat og såg utover, var me på ein måte med i historia han fortalde.


Turen ned att gjekk greitt. Nokon av oss blei med Tom Ingebo bortom Langtjern der han synte oss hytta som låg so fint til ved det vesle skogsvatnet.

Ein stor takk til Rønnaug og Tom som bidrog til at turen ikkje berre blei ei fin naturoppleving, men og ga oss ei lokalhistorisk oppleving."

 

          

           

TAKK BIRGIT, FOR EN FANTASTISK TUR!