Hopp til hovedinnhold

Bakke Bygdekvinnelag

På tur med Tor (Einar Evju) til Tekslehogget.


Bakke Bygdekvinnelag er svært nøgd med gjønomføringa av turen til Tekslehogget 30/8.2020. Med kunstnaren Tor Einar Evju som vegvisar og historieforteljer blei dei 31 deltakarane på turen tatt med inn i Tekslehoggets eventyrverden.

 

Turen starta heime hjå Tor, med omvising i galleriet der fleire av måleriene hadde Tekslehogget og troll som motiv. Tor Einar Evju er fyrst og fremst målar, og mest kjend er han for utsmykninga av Hunderfossen familiepark. At han er kreativ og har ein rik fantasi, kom klart fram i hagen hans der merkelege figurer henta ute i naturen pynta opp, - og der bygningane i seg sjølv var som henta ut av eit eventyr, slik som utedoen som var forma som tårnet på eit slott.

Då mørke skyer segla fram på himmelen, blei omvisningen avbroten og turen gjekk mot Tekslehogget. Me rakk fram til parkeringsplassen samstundes med ei kraftig regnskur ispedd nokre toreskrall. Eit godt forslag var det å ete nista i bilen mens me venta på at regnskura skulle gli forbi. Soleis blei det og - dei regntunge skyene trakk seg unna og blå himmel kom til syne då me tok fatt på stigningane opp til toppen på Tekslehogget. Med mange stopp og Tor som fortalte historier underveis, gjekk turen opp på Hogget greit....

     

     

 

Eit mektig utsyn i alle himmelretninger møtte oss oppe på toppen. At mørke skyer var på veg og teikna himmelen svart, passa på ein måte saman med at Tor fortalde eventyr om trollet Trond i Tekslehogget. Det blei endå meir verkeleg då han fortalte om trollet som kasta stein, og me samstundes høyrde toreværet som rulla i det fjerne. Ei kraftig regnskur fekk me før det på ny klårna opp og sola skein.

Turen ned att gikk greit sjølv om det var sleipt og glatt. Dei som ikkje fekk sett utstillinga i galleriet på vegen opp, fekk høve til det på turen ned att til Lyngdal.

Eg trur eg har alle, både medlemmer og andre som deltok på turen, med meg når eg seier takk til Tor, takk til oss i Bygdekvinnelaget og takk til alle som deltok på turen, - dette var ei turoppleving me seint vil gløyme....

 

- Birgit

 

 

 

Tekst: Birgit Midtgård

Foto: Birgit Midtgård og Hege Marita Skinnes