Apr
29
Tue
Blomebyte - kveld
Blomebyte - eit berekraftig val i kvardagen.
Tysdag 29.april lagar bygdekvinnelaget til ein sosial kveld med blomebyte, då satser me på inneblomar.
Her kan du ta med ein blome du vil byta eller avleggarar frå yndlingsblomen din. Ta gjerne med avispapir, kasse, korg eller liknande til å ha avleggarar og blome i.
Det vert enkel matsevering & loddsal - fint om du har med kaffikopp/ tekopp.
Vonar mange tek turen til Solheim denne kvelden - alle, båe medlem og ikkje medlem, er hjarteleg velkomne om du vil byta blome eller berre ha ei sosial stund.