Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Utescena på Hedleberget på Kyte

Foto: lånt frå FB-sida til Hedleberget

Jun
17
Tue

Tur til Hedleberget & sesong-avslutning på vårturane☘️

Oppmøte på Kiwi Palmafossen kl.18.00.
Turansvarlege: Britt Bryn & Laila Slettemark 917 70 007

Friluftslivets år 2025 - med prosjektet Friluftsliv & Inkludering vil Norges Bygdekvinnelag sine lokallaga inspirera til sterkare innsats for inkludering gjennom friluftsaktivitetar der me bur ☘️

Tysdag 17.juni tek me turen til Hedleberget på Kyte, ein historisk stad med skiferbrot med dagleg drift, museum, utescene og kultursti ☘️ oppmøte kl.18.00.

Du køyrer til bommen ved Hedleberget og parkerar der kr.30 i parkering - Me går ein rundtur på ca.1 time og avsluttar ved Songvestova på Hedleberget. Det er ein lett tur med flott utsikt, som passar for alle. Det er og ein av turane i stølsturhefte, 2 klypp, så hugs å ta med stølstur-heftet. Om ein ikkje vil gå turen, så er det råd å koma likevel. Det er fint å berre vera der og sjå seg om på arbeidsplassen som gav arbeid  til mange i si tid.

Denne kvelden vil me og markera Friluftlivets år 2025 og gjera stas på turgjengen, med enkel servering,  med mat laga ute i det fri ☘️ PS: ta med turkopp & sitteunderlag.

ALLE ER VELKOMNE TIL Å VERA MED BYGDEKVINNELAGET PÅ TUR !

NB: vil du på tur, men kjem deg ikkje fram, kan du kontakta Randi Flatabø Opheim: 947 85 203 eller turansvarleg : 917 70 007. Samkøyring frå Kiwi Palmafossen kl.18.00.

Helsing Turgruppa & Bakegruppa i Bjørgum Bygdekvinnelag 🌼