Bø Bygdekvinnelag og Speidergruppa i Bø.
21. september 2016 kl. 18.00. Samling på speidergruppas uteområde.
Ca. 100 var møtt fram denne kvelden.
Starta med at speidergutter møtte deltakarar ved Bø Museum, gjekk deretter turen opp til plassen vi skulle vera denne kvelden. Her var tent bål rundt i området, ei triveleg mottaking. Speiderane hadde ansvar for nydeleg lammelår, steikt i jordgrop. Bygdekvinnelaget haddde førebudd med maten ellers, potetstappe m/kålrot og gulrot, soppstuing og salat. Vi fekk erfare at speidergruppa stend for sitt kjennetegn "Alltid beredt". All maten vart lage ved åpen varme, kaffi vart koka i kaffikjele over bålpanne. Muffing steikte speiderane på afrikansk vis som heitte "Sufforia", dette var ein speiell måte dei tlbredte maten på der. Dette var ein fin avslutning for Bø Bygdekvinnelag med "Bygda i bevegelse", denne kvelden var Haustturen og den siste av fire årstider. Tidligare hatt vinter - vår og sumartur. Leiaren vår Helga Eika takke alle for god hjelp og frammøte.
Ellers takke Martin Stærk på vegne av speidergruppa i Bø, alle lag, foreiningar, bankar og private som hadde støtta om dei med penger og gåver. Det var i denne anledning det vart invitera til denne festen. Dette var og grunnen til at Bygdekvinnelaget var med. Været var skyet mesteparten av kvelden, men etter kvart kom regnet, dette hadde speiderane forberedt, vi sat tørt og godt under presenning og inne i lavoen.
Alle hadde ein fin kveld. Takk til alle som var med.